Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Truverd under angrepChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Truverd under angrep

Den unge miljøaktivisten Greta Thunberg er ikkje redd for å kritisere leiarane i verda. Ho opplever også sjølv kritikk og ein del netthets. Sjå nærare på ein appell av Greta og på nettkommentarar til denne appellen.

Oppgåve 1

Sjå appellen som Greta Thunberg heldt på FNs klimatoppmøte i Katowice i Polen i desember 2018.

  1. Greta snakkar på vegner av ein organisasjon. Kva heiter denne organisasjonen, og kva står han for?
  2. Kven vender Greta seg til?
  3. Kva er det viktigaste Greta ønskjer å oppnå med denne appellen, trur du?
  4. Kva for argument og påstandar bruker Greta for å vise at deltakarane på FNs klimatoppmøte manglar truverd?
  5. Bruk kunnskapane dine om klimautfordringar og klimapolitikk. Er Gretas kritikk rettferdig?
Gretas Thunbergs appell

Greta presenterer seg sjølv og seier ho snakkar på vegner av Climate Justice Now.

Ho framhevar at alle, store og små, kan utgjere ein forskjell, men at det er viktig å vere tydeleg, uansett kor ubehageleg det måtte vere. Ho vender seg til publikum (FN-delegatane) og seier til dei at dei ikkje er tydelege, for dei er redde for å bli upopulære. At dei berre held fram med å snakke om "grøn, evig økonomisk vekst". At dei snakkar om å gå framover, med dei same gamle og dårlege ideane som har skapt problema våre, sjølv om det einaste fornuftige å gjere no er å dra i naudbremsen.

Ho seier vidare: "De er ikkje modne nok til å seie det som det er. Til og med denne byrda lesser de over på oss barn. Men eg bryr meg ikkje om å vere populær. Eg bryr meg om klimarettferd og ein levande planet."

Vidare hevdar ho at sivilisasjonen vår blir ofra for at nokre få skal kunne tene enorme summar, og at biosfæren blir ofra for at folk i rike land som Sverige kan leve i luksus. Mange må li og betale prisen for luksuslivet til dei få.

Ho ser for seg 75-årsdagen sin og dei spørsmåla barn og barnebarn kanskje vil stille til henne. Kanskje dei vil spørje kvifor leiarane ikkje gjorde noko medan det enno var tid?

Så vender ho seg igjen direkte til publikum: "De seier de elskar barna dykkar meir enn alt anna. Og likevel stel de framtida deira rett framfor auga på dei. Det finst ikkje håp før de byrjar å fokusere på kva som må gjerast framfor å tenkje på kva som er politisk mogleg. Vi kan ikkje løyse ei krise utan å behandle henne som ei krise. Vi må la olja halde fram med å vere i jorda, og vi må fokusere på fairness. Viss det ikkje er mogleg å finne løysingar innanfor systemet, då må vi kanskje endre systemet i staden."

Greta seier at ho ikkje ber leiarane i verda om å gjere noko. Ho påstår at dei har oversett og overser dei som krev sterkare utsleppskutt og ein ny politikk. Men snart finst det ingen unnskyldningar meir, og heller ikkje tid.

Greta avsluttar appellen sin med desse orda: "Vi er her for å fortelje dykk at endringane vil kome, om de liker det eller ikkje. Den sanne makta tilhøyrer folket. Takk."

Oppgåve 2

Kommentartråden under Youtube-videoen med Gretas innlegg på FNs klimatoppmøte i Katowice er lang. Her finst mykje ros, men òg ein del kritikk og mykje usaklegheiter. Nedanfor finn du nokre av desse kommentarane.

Jobb i grupper. Kvar gruppe tek for seg fem kritiske eller negative ytringar om Greta.

  • Omset ytringane til norsk.
  • Kva er det Greta blir kritisert for?
  • Kva slags haldningar eller tankar ligg bak kritikken?
  1. NEVER will I obey, She is the new Dictator. She will tell you what to think and how to think it. Fuck this PROPAGANDA BULLSHIT.
  2. She sounds like a genetically engineered robot. World socialism is their goal. Climate change is their method for achieving it.
  3. Pippi Longstocking: our new child overlord. 😂😂
  4. Swedish climate activist lol. A girl reading a speech that her parents wrote and pushed on to her. While also living a luxury life with multiple homes in different places.
  5. Start a GoFundMe for her to: 1) buy a hair brush for that messy hair and 2) buy some shampoo for that oily hair. 🤑 You have to get people's attention yet not distract them, if you're going to try to dazzle them with bull crap. Only credentialed scientists can look messy, take absurd positions, and keep people listening.😁 Sorry mum & dad let you out in public with that appearance to speak at the UN ...
  6. Poor brainwashed child. Man made climate change is nothing but a lie.
  7. The world is overcrowded with about 5 billion people and Greta is one of them.
  8. She is dumb as hell. No clue about chemics and physics.
  9. This was a hoax. She did not speak in front of the leaders. They had already left.
  10. She is the daughter of leftist refugee SJW (Social Justice Warrior) marxist hypocrit Malena Ernman. Malena is the establishment and she is, in my opinion, using her daughter.
  11. Nah, she will end up selling vegan food at the local market where children will refer to her as Galen Greta (Crazy Greta).
  12. Poor child. The parents should send her to school and enable a therapy.
  13. Done in a coffee break with 10 persons listening. A pure PR coup ...
  14. Um, what solutions? Didn't hear one.
  15. bla bla bla
  16. Silly, naive girl. How did she travel to Poland ? By bike ? She wants the break to be pulled. Ok. Economy collapses. Most people out of job. Hunger. Poverty. Riots. In multikulti Europe Syrian type of civil war. Finally all the hate among ethnicities comes out.
  17. Impressive bullshit bingo. A Swedish girl, trained to perform an English sermon for the Church of Global Warming, a child actor disguised as "activist". Who did the training, and for what?

Læringsressursar

Retorikk