Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Å vurdere truverdChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å vurdere truverd

Skal du få andre til å lytte, må du framstå som truverdig. Du må ha eller vinne tilliten og respekten til publikum. I retorikken kallar vi talaren sitt truverd for etos. Truverd er ikkje noko du har ein gong for alle; det kan både vinnast og mistast.

Fredsprisvinnar Malala Yousafzai på talarstolen. Foto.
Malala Yousafzai fekk Nobels fredspris i 2014, 17 år gammal. Ho kjem frå Swat-dalen i Pakistan og blei skoten av Taliban i 2012 fordi ho kjempa for jenter sin rett til utdanning. Malala overlevde attentatet og heldt fram kampen sin.

Truverd – ein føresetnad for å overtyde

Retorikken eller læra om talekunsten handlar om korleis du bør opptre for å overtyde andre. Ifølgje retorikarane må ein god talar overtyde på tre måtar:

  • ved å vinne tilliten til publikum (etos)
  • ved å vekkje dei rette kjenslene hos tilhøyrarane (patos)
  • ved å presentere gode argument (logos)

Det betyr at du må hugse på alle tre appellformene om du vil lukkast med argumentasjonen din. Manglar du truverd, vil publikum vere skeptiske eller avvisande til det du seier. Klarer du ikkje å vekkje kjensler og engasjement hos publikum, blir orda dine også fort gløymde, og har du dårlege argument, blir du nok gjennomskoda før eller sidan. Men første bod er likevel at du må få publikum til å lytte, og då må dei oppfatte deg som ein det er verd å lytte til.

Kva skapar truverd?

Truverd eller etos er noko du må jobbe for å oppnå, og det er publikum som til sjuande og sist avgjer om dei opplever deg som truverdig eller ikkje. Kva som gir «kred» i augo til publikum, kan variere. Snakkar du til dømes til ungdommar, kan det gi auka truverd at du er ung sjølv. På ein internasjonal konferanse, derimot, har du som ung og kanskje ukjend person, nok meir å bevise før du blir tatt på alvor av tilhøyrarane.

Alder er altså ein eigenskap som kan auke truverdet ditt. Kunnskapar, utdanning og erfaring er andre. I tillegg har du ei lettare oppgåve dersom publikum allereie kjenner og respekterer deg. Men sjølv om du skulle vere heilt ukjend for publikum, er det ein god del du kan gjere for at dei skal få eit positivt inntrykk av deg.

For det første må du stille godt førebudd. Du må ha tenkt gjennom korleis du skapar og held på god kontakt med tilhøyrarane, og du må ha kunnskap om det du snakkar om. Dessutan hjelper det at du lever opp til verdiane du forfektar, og at du stiller dei same krava til deg sjølv som til andre. Somme gongar kan du likevel oppleve at du ikkje lukkast med å «snu» publikum, til dømes når du møter sterke fordommar. Slike fastlåste oppfatningar er det veldig vanskeleg å endre.

Kva svekker truverd?

Du svekkjer truverdet ditt, dersom du avslører manglande kunnskapar eller stiller dårleg førebudd. Men du kan også bli utsett for fordommar og personangrep: Du er for ung, for stygg, for rik, for venstrevridd, for naiv osb. til å bli teken på alvor. Ein meiningsmotstandar som er ute etter å svekkje truverdet ditt, kan i grunnen finne på å bruke kva som helst mot deg. Strategien blir sjølvsagt brukt fordi han ofte verkar, og fordi ein unngår ein reell diskusjon om ein får motparten til å halde munn. Dess viktigare er det at du forstår kvifor motparten gjer dette, og at du ikkje lar deg stoppe, men gjer det klart at denne taktikken er både uheiderleg og lite konstruktiv.

Korleis vurdere truverd?

Truverd (etos) kan styrkast og svekkjast, vinnast og mistast. Når du skal vurdere truverdet eller etos til ein person, treng du derfor fagomgrep som hjelper deg å beskrive slike endringar.

Innleiande etos

Allereie før du høyrer ein tale eller les ein tekst, har du eit førehandsinntrykk av sendar. Dette førehandsinntrykket kallar vi for innleiande etos. Er forfattaren eller talaren ein person alle kjenner? Ein person som blir rekna som ein autoritet på området, slik at du automatisk har respekt for vedkomande? Eller er sendar ein person som er ukjend for deg? Viss sendar er heilt ukjend og du ikkje veit noko om han eller henne, vil vedkomande oftast ha nokså svak innleiande etos. Men du bør uansett undersøkje hva for føresetnadar han eller ho har for å skrive eller tale om eit emne.

Avleia og endeleg etos

Det du høyrer eller les, kan forandre førehandsinntrykket du har av sendar. Truverdet som sendar opparbeider gjennom teksten eller talen sin, kallar vi avleia etos, og det nye heilskapsinntrykket som vi sit igjen med til slutt, er sendar sin endelege etos. I ein analyse må du undersøkje om det finst moment i teksten som kan svekkje eller styrke etoset til sendaren, og du må vurdere kor stort truverd sendar står igjen med til slutt.

Lånt etos

Sendar kan auke sitt eige truverd ved å låne autoritet og truverd frå andre, til dømes frå forskarar og frå kjende personar og organisasjonar. Ofte er det heilt nødvendig å bevise at eit standpunkt er fagleg grunngjeve. Som kritisk tilhøyrar eller lesar må du prøve å vurdere om forsking som sendar viser til, er relevant, og om personar og organisasjonar som blir nemnde, faktisk er truverdige.

Læringsressursar

Retorikk