Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Korleis påverkar reklame kjøp av mobiltelefon?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Korleis påverkar reklame kjøp av mobiltelefon?

Kva gjer at folk byter mobiltelefon så ofte? Det hender sjølvsagt at telefonar går i stykker, men det er neppe heile forklaringa på at vi i Noreg bruker så mykje pengar på dette. Kva rolle spelar reklamen på forbruket vårt?

Oppvarming

Diskuter med ein medelev: Kva for tre mobilmerke er dei mest kjende merkene? Kva meiner de kjenneteiknar folk som eig desse mobiltelefonane?

Oppgåve

Del 1

  1. Kva eller kven påverkar kva for mobiltelefon du har? Diskuter med ein medelev og set opp minst tre punkt.
  2. Samanlikn så med to andre medelevar. Har de nokon punkt som er felles? Er reklame eit av desse punkta?

    • Viss ja – utdjup korleis reklame har påverka dykk.
    • Viss nei – diskuter kvifor de ikkje hadde sett opp reklame som eit punkt som påverkar.
  3. Kva trur de foreldra dykkar hadde svart om dei hadde blitt spurt om kva som påverkar dei når dei vel mobiltelefon?

Del 2

Sjå nærmare på ein reklamefilm for mobiltelefonar.

  1. Kva førsteinntrykk gir reklamefilmen av mobiltelefonen? Kva målgruppe tror du han er mynta på? Grunngi svaret ditt.
  2. Kva er den viktigaste bodskapen i reklamefilmen, slik du oppfattar han?
  3. Kva for verkemiddel bruker produsenten for å få fram bodskapen sin og byggje "imaget" sitt? Utforsk bileta, musikken og teksten som blir brukt, og miljøet og menneska som blir framstilte.
  4. Korleis prøver avsendaren av filmen å overtyde deg? Byggjer han opp truverdet sitt (etos), appellerer han til kjenslene dine (patos), og/eller gir han saksinformasjon (logos)? Grunngi svaret ditt med døme frå filmen.
  5. Kva er det i filmen som gjer at du eller andre kan få lyst til å kjøpe ny telefon? Diskuter med ein medelev og bli einige om kva de meiner er dei to viktigaste årsakene.

Del 3

  1. Samanlikn verkemidla i reklamefilmen med korleis firmaet Fairphone marknadsfører sin mobiltelefon. Kva er dei viktigaste forskjellane? Sjå på både bodskapar og verkemiddel. Fairphones nettsted (engelsk)
  2. Trur du det er mange ungdommar som eig ein Fairphone? Grunngi svaret ditt.
  3. Diskuter med ein medelev:
    • Korleis ville de utforme ein reklame som skulle påverke ungdom til eit meir berekraftig mobilforbruk?

    • Kva for bodskap vil de at filmen ha?

    Skriv ned eit forslag saman.

Oppsummer

  1. Kva har du/de funne om reklamen sin påverknad på mobilforbruket til folk?
  2. Kva vil de seie er dei viktigaste årsakene til at vi kjøper så mange mobiltelefonar?

Læringsressursar

Retorikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale