Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Festtalen

Oppgåve 1

Oppsummeringsspørsmål (og litt refleksjon)

Les fagteksten om festtalar svar på spørsmåla:

  1. Nemn tre-fire ulike typar festtalar.
  2. Festtalen skal både underhalde og overtyde. Men kva formål er viktigast? Grunngi svaret.
  3. Korleis skil argumentasjonen i ein festtale seg frå argumentasjonen i ein politisk tale?
  4. Nemn nokre formelle reglar som gjeld for festtalar.
  5. Korleis kan vi lage ein festtale som fengjer? Nemn nokre "knep".

Oppgåve 2

Humor som passar til situasjonen

Sjå på det korte klippet nedanfor og jobb med spørsmåla:

Kairos (talesituasjonen):

  • Kva slags fest eller tilstelling er det vi får sjå i klippet?
  • Kvar er det festen går føre seg?
  • Kva fortel oss at dette er ein formell situasjon?
  • Kven er talaren?
  • Kven er publikum?
  • Har talaren ei likeverdig, overordna eller underordna rolle overfor tilhøyrarane?
  • Kva slags emne passar det dårleg å snakke om på ein slik fest, og kva slags ord og uttrykk bør vi unngå?

Aptum (det som er passande)

  • Kva er formålet med den vesle historia vi får høyre?
  • Kva er det ungdommen som fortel historia, spøkjer med?
  • Passar humoren til situasjonen? Kvifor (ikkje)?
Tale (utdrag)

Aptum

Omgrepet áptum er henta frå latin og tyder "det som er passande".

Talarens ord skal passe til emne, talesituasjon, publikum og til talaren sjølv.

I tillegg skal dei enkelte delane av talen hengje godt saman og utgjere ein harmonisk heilskap.

Kjelde: Eide, T. (1990) Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Retorikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale