Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. FesttalenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Festtalen

Dei fleste av oss må halde tale nokre gonger i livet – i ein konfirmasjon, eit bryllaup, ein bursdag, kanskje også på jobben. Å kunne seie nokre velvalde, gode ord om ein person er ei viktig sosial ferdigheit. Du gler nokon, og talen din er med på å skape ei fin ramme kring ein festdag.

Fleire personar rundt eit bord dekt med mat; dei hevar glassa og smiler. Foto.
Ein kort, hyggeleg tale er garantert med på å løfte stemninga i selskapet!

"Argumentasjon light"

Du kjenner kanskje til den klassiske taledisposisjonen? Han har fire delar: innleiing, saksframstilling, argumentasjon og avslutning. Først etablerer vi god kontakt med publikum, så gjer vi greie for saka eller problemet, deretter argumenterer vi for synet vårt og til slutt konkluderer vi. Denne disposisjonen er skreddarsydd for situasjonar der vi må argumentere direkte og ope, og der vi verkeleg må anstrengje oss for å overtyde.

Festtalen har eit ganske anna formål enn eit debattinnlegg eller ein appell. Like fullt skal også festtalen overtyde: Kvifor fortener konfirmanten skryt? Kvifor er det så lett å vere glad i bursdagsbarnet? Men gjestene i ein konfirmasjon, eit bryllaup eller eit bursdagsselskap er heldigvis ikkje vanskelege å få med på lag. Dei er nemleg allereie skjønt einige om at bursdagsbarnet, brudeparet eller konfirmanten er eineståande menneske – det er nettopp derfor dei har kome på festen! Dei ønskjer seg litt alvor og høgtid, men først og fremst vil dei ha underhaldning.

Festtalen består derfor i all hovudsak av små historier og anekdotar som fortel noko om personen som skal heidrast: Kva har jubilanten eller bursdagsbarnet drive med så langt i livet? Korleis møtte den lykkelege brudgomen kvinna han elskar? Korleis har konfirmanten bevist at ho er ein kjekk og smart ungdom?

Dømet som argument

Men jamvel om historiene først og fremst skal underhalde, fungerer dei også – indirekte – som argument. Dei tener som konkrete døme på alle dei gode eigenskapane vi tillegg personen vi vil heidre. Derfor kan vi seie at også festtalen er ein argumenterande tekst, argumentasjonen har berre fått ei form som passar til situasjonen.

Formelle krav til festtalen

For festtalar finst det ein del formelle reglar. Det passar til dømes alltid bra å begynne talen med ei helsing. Dei viktigaste gjestene nemner vi ved namn eller tittel, og den som talen er retta til, nemner vi sist. Festtalen sluttar dessutan gjerne med ein skål for brudeparet eller jubilanten, eller med eit tre gonger hurra.

Kva gir festtalen det vesle ekstra?

Same kor mange hyggelege ting vi kan fortelje om ein person, vil ein tale der vi berre ramsar opp artige hendingar og positive adjektiv, lett bli keisam – iallfall når gjestene allereie har fått høyre to liknande talar same dag. Men det er ikkje vanskeleg å gjere også ein festtale meir spennande. Vi kan til dømes fiffe opp talen vår ved å utbrodere og overdrive:

Då Jan fortalde at han ville begynne på ekstremsportlinja på Bakketun, lurte vi alle på om han hadde blitt heilt tullerusk. Han, som elskar sofa'n sin over alt på jord? Han, som blir svimmel berre han ser ut av vindauget sitt i andre etasje?

Alle menneske er nyfikne av natur. Ved å syte for litt Se og Hør-faktor med "sensasjonelle avsløringar" i talen vår, får vi garantert tilhøyrarane til å spisse øyra:

Jenta vi skal hylle i dag, kan gi inntrykk av å vere veldig ordentleg, ryddig, nesten for streit. Men er dette den fulle og heile sanninga om vår kjære Kine, eller skjuler det seg andre og mørkare sider bak eit alltid velstelt og koseleg ytre? Eg har drive intens research dei siste vekene og kan no avsløre heilt ukjende sider ved bursdagsbarnet!

Det er lov å overdrive såpass så lenge vi kjenner personen godt og humoren er heilt tydeleg. Publikum set dessutan garantert pris på at vi prøver å skape ei historie med litt «trøkk» i.

Generelt kan humor fungere veldig bra som verkemiddel i ein hyllesttale, men det krev at humoren passar til personen og situasjonen. Til dømes er det ikkje kva som helst av vitsar vi fortel i konfirmantselskap med sjølve biskopen blant gjestene:

Eksempel på humoristisk innslag

Heilt til slutt den kanskje viktigaste regelen: Talen din skal vere så kort og god at folk gjerne ville høyrt meir!

Læringsressursar

Retorikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale