Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Kommentert døme: politisk appellChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kommentert døme: politisk appell

Vi skal no sjå nærare på ein politisk appell som illustrerer den retoriske grunnoppskrifta ganske godt. Det er ein appell som Siv Jensen, leiar for Framstegspartiet, heldt i forkant av kommunevalet i 2007.

Siv Jensen sin sluttappell før kommunevalet i 2007

Disposisjonen i ein appell

I forkant av kommuneval og stortingsval er det ei rekkje partileiardebattar på NRK. Etter den siste debatten får alle partileiarane eitt minutts taletid kvar til ein sluttappell. Les Siv Jensens appell frå 2007 nedanfor, eller sjå videoklippet.

Kjære velger!

Da Fremskrittspartiet foreslo å innføre fritt sykehusvalg, ble vi latterliggjort. I dag er det gjennomført. Da vi foreslo å innføre stykkprisfinansiering i helsevesenet, ble vi også latterliggjort. I dag er det delvis gjennomført. Da vi snakket om søndagsåpne butikker, lo de av oss. I dag ser vi det som en selvfølge.

Nå blir vi latterliggjort fordi vi ønsker lovfestet eldreomsorg, finansiert av folketrygden. Fordi vi ønsker fritt skolevalg med en statlig stykkprisfinansiering. Fordi vi ønsker å bruke LITT mer av vårt gigantiske overskudd på å bygge trygge veier uten bommer, og fordi vi ønsker en streng og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk.

Men du vet at dette vil gi deg og din familie trygghet, valgfrihet og verdighet. Derfor skal du stemme Fremskrittspartiet mandag 10. september. Godt valg!

Disposisjon

Den retoriske grunnoppskrifta:

  1. Innleiing
    (exordium)
  2. Saksframstilling
    (narratio)
  3. Argumentasjon
    (argumentatio)
  4. Avslutning
    (peroratio)

Exordium (innleiing)

Kjære velger!

Den innleiande delen er svært kort. Det er ikkje alltid ein talar kan tillate seg å gå rett på sak (det vil seie nesten rett på narratio), slik Siv Jensen gjer her. I denne spesielle situasjonen er det mogleg fordi appellen hennar kjem rett i etterkant av ein tv-debatt som ho har teke del i. Ho kan vere sikker på at ho har merksemda til sjåarane, og posisjonen som partileiar gir henne den nødvendige autoriteten (etos) i talesituasjonen. Eit anna avgjerande moment er sjølvsagt at taletida er sterkt avgrensa – essensen i politikken ho står for skal presenterast på eitt minutt, og da kan ho ikkje bruke mykje tid på høfligheitsfraser.

Narratio (saksframstilling)

Da Fremskrittspartiet foreslo å innføre fritt sykehusvalg, ble vi latterliggjort. I dag er det gjennomført. Da vi foreslo å innføre stykkprisfinansiering i helsevesenet, ble vi også latterliggjort. I dag er det delvis gjennomført. Da vi snakket om søndagsåpne butikker, lo de av oss. I dag ser vi det som en selvfølge.

I narratio-delen taler Jensen om fortida. Historia hennar om Framstegspartiet er historia om eit parti som konsekvent har blitt latterleggjort av motstandarane sine, men som alltid fekk rett til slutt. Dessutan framstiller ho Framstegspartiet som det einaste partiet som verkeleg ønskjer større valfridom og fleire gode for den enkelte.

Narratio

Ordet narratio tyder ikkje berre "saksframstilling", men også "historie, forteljing". Det er eit vanleg retorisk grep å presentere saka i form av ei historie som gir svar på spørsmålet "Korleis har vi komme i den situasjonen vi skal diskutere no?"

Argumentatio (argumentasjon)

Nå blir vi latterliggjort fordi vi ønsker lovfestet eldreomsorg, finansiert av folketrygden. Fordi vi ønsker fritt skolevalg med en statlig stykkprisfinansiering. Fordi vi ønsker å bruke LITT mer av vårt gigantiske overskudd på å bygge trygge veier uten bommer, og fordi vi ønsker en streng og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk.

I del tre, argumentatio, er Jensen tilbake i notida. Ho nemner dei viktigaste punkta i valprogrammet. Den korte taletida tillèt ingen grundig argumentasjon. Jensen kompenserer for dette ved å bruke ord som klart signaliserer verdiar (fritt skoleval, trygge vegar, streng og rettferdig innvandringspolitikk, bruke litt av eit gigantisk overskott, osv.).

Ho bruker heller ikkje tid på moglege innvendingar mot tiltaka ho foreslår, men hevdar at motstandarane framleis latterleggjer partiet hennar. Slik sår ho tvil om truverdet (etos) til dei politiske motstandarane sine, samstundes som ho lèt det skine gjennom at historia på ny vil vise at det er Framstegspartiet som har dei rette svara.

Jensen prøver å skape ei tydeleg motsetning mellom "oss i Framstegspartiet" og "dei andre partia". Ho tildeler Framstegspartiet helterolla, mens alle motstandarane nærmast blir stempla som mobbarar. Spørsmålet er om veljarane får eit udelt positivt inntrykk av henne når ho bruker så mykje energi på å snakke negativt om andre. Ho har dessutan allereie peikt på at partiet hennar har fått gjennomslag for ei rekkje saker, og dette faktumet rimar heller ikkje heilt med påstanden om at ingen tek Framstegspartiet alvorleg.

På den andre sida er talen hennar ein sluttappell, valkampen er nesten over og det er godt mogleg at målgruppa for talen først og fremst er dei som allereie har bestemt seg for å gi stemma si til Framstegspartiet.

Peroratio (avslutning)

Men du vet at dette vil gi deg og din familie trygghet, valgfrihet og verdighet. Derfor skal du stemme Fremskrittspartiet mandag 10. september. Godt valg!

I avslutninga vender Jensen seg direkte til tv-sjåarane, og no er tonen og ordvalet hennar berre positiv: Ho nemner det ho meiner veljarane har å vinne ved å stemme Framstegspartiet, og oppfordrar dei til å gjere nettopp dette.

Læringsressursar

Retorikk