Kairós er eit gresk ord som tyder "(rett) tidspunkt" eller "(godt) høve".

Talesituasjonen
Eit nyttig retorisk omgrep er kairós (talesituasjonen). Det var den namngjetne talaren Górgias (ca. 485–380 f.Kr.) som innførte omgrepet. Gorgias peikte på at den som vil lykkast med talen sin, må tilpasse han til talesituasjonen: høve, stad, tid, publikum, stemning osv.
Møt ein profesjonell taleskrivar
Det har komme til nokre nye medium sidan Gorgias si tid, men bortsett frå dette må dagens talarar ta omsyn til nøyaktig dei same forholda som den gong. I filmklippet nedanfor fortel ein profesjonell taleskrivar om arbeidet sitt. Mina Gerhardsen har mellom anna skrive talar for Jens Stoltenberg. Her forklarer ho korleis ho går fram når ho utarbeider ein tale, og ho gir nokre gode råd. Ho bruker det moderne omgrepet kontekst om talesituasjonen, men ho kunne like godt snakka om kairós.
Gorgias og sofistane
Gorgias høyrde til dei såkalla sofistane. Ordet kjem frå gresk sofía, "visdom"; sofistane var "visdomslærarar", omreisande lærarar i retorikk og politisk filosofi i gresk oldtid.
Sofistane interesserte seg særleg for kunnskapsteoretiske spørsmål. Dei var skeptiske til idéen om ein objektiv røyndom. Dei peikte på at vi berre kan oppfatte verda kring oss gjennom sansane og observasjonane våre, og at alle menneska derfor har ei subjektiv og avgrensa oppleving av røyndommen. Vi kan ikkje ein gong lite på at to menneske som er vitne til same hending, vil oppfatte ho på nøyaktig same måten.
Protágoras, ein framståande sofist, prega det kjende uttrykket "mennesket er målet for alle ting", det vil seie målestokken for alt. Med dette meinte han at det ikkje finst nokon allmenngyldige verdiar eller absolutte sanningar. Alle verdiane og sanningane våre er menneskeskapte, og dei kan endre seg. Det er ikkje tilfeldig at sofistane var ekspertar i kunsten å overtale!
Kjelder
Eide, T. (1990) Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.
Fafner, J. (1982) Tanke og tale. Den retoriske tradisjon i Vesteuropa. København: C.A. Reitzels Forlag.
Gresk oldtid (udatert) //www.intermedia.uio.no/ariadne/idehistorie/idehistoriske-epoker/oldtiden/gresk-oldtid [nedlasta 14. mars 2011].
Læringsressursar
Retorikk
Læringssti
Etos, patos og logos
Kjernestoff
Fagstoff
Fagomgrep frå retorikken
KjernestoffRetorikk: kunsten å overtyde
Kjernestoff- Kjernestoff
Kairós: rett ord til rett tidDu er her
Ein strategi for å overtyde
KjernestoffKommentert døme: politisk appell
KjernestoffFesttalen
KjernestoffÅ vurdere truverd
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Retorikk
KjernestoffKairós: rett ord til rett tid
KjernestoffEin strategi for å overtyde
KjernestoffFesttalen
KjernestoffAnalyser ein reklameannonse
KjernestoffAnalyser ein reklamefilm
KjernestoffVel ein reklamefilm og analyser han
KjernestoffTruverd under angrep
KjernestoffMiljøforkjemparen Greta Thunberg
Kjernestoff
Kildemateriale
Takk, kjære Ivar!
Kjernestoff17. mai-tale
Kjernestoff