Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Retorikk: kunsten å overtydeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Retorikk: kunsten å overtyde

Denne artikkelen gir deg ei innføring i dei viktigaste fagomgrepa frå retorikken.

Martin Luther King holder tale foran en stor folkemengde. Foto.

I have a dream that one day this nation will rise up and live out the true meaning of its creed: ‘We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal.'

I have a dream that one day, even the state of Mississippi, a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice.

I have a dream that one day on the red hills of Georgia, the sons of former slaves and the sons of former slave owners will be able to sit down together at the table of brotherhood.

I have a dream that my four little children will one day live in a nation where they will not be judged by the color of their skin but by the content of their character.

I have a dream today!

Høyr eller les hele talen

Utdraget over er frå ein av dei mest berømte talane i verda. Det er talen politikaren Martin Luther King heldt i 1963, da han kjempa sin siste, bitre kamp for fulle borgarrettar for afroamerikanarar i USA. Han vart drepen av ein snikskyttar i 1968. Talen er så kjend at han svært ofte blir sitert og brukt som eit symbol på kampen for rettane til diskriminerte folkegrupper.

Kvifor har denne talen blitt så kjend? Kva for ei mystisk kraft gjer desse orda så spesielle? Kva slags kompetanse ligg bak denne velformulerte og gripande bodskapen? Eit medfødt talent, eller ein nøye uttenkt strategi for talen? Mest sannsynleg ein kombinasjon. Martin Luther King var ikkje berre ein talentfull talar, han var òg ein meister i retorikk. Retorikk er læra om korleis ein kan overtyde andre. Martin Luther King gjorde det ved å tale vakkert, verknadsfullt og med moralsk tyngd til publikummet sitt. Han lykkast fordi han hadde kunnskap om emnet, om tilhøyrarane og om situasjonen talen skulle framførast i.

Retorikk læra om talekunsten; frå gresk rhetoriké téchne, "taledugleik, talekunst"

Etos, logos og patos

Den greske filosofen Aristoteles blir rekna som "retorikkens far" fordi han var den første som gjorde greie for talekunsten på ein systematisk måte, allereie år 330 før Kristus. Aristoteles tok i bruk omgrepa etos, logos og patos for å beskrive dei tre grunnleggjande overtydingsgrepa i talekunsten. Den som skal overtyde, må både framstå med autoritet og truverde (etos), vekkje dei rette kjenslene hos mottakarane (patos) og leggje fram eit overtydande saksforhold (logos).

Aristoteles og Martin Luther King fortel oss noko om korleis vi kan lykkast i kommunikasjonen med andre. Det dreier seg om å kommunisere ein bodskap som underbyggjer truverdet til sendaren, som vekkjer interessa til mottakaren og som demonstrerer kunnskap om sjølve saksforholdet.

Ei oppmoding til handling

Det er viktig å hugse på at dei retoriske grepa ikkje er noko mål i seg sjølv, berre eit middel til å nå det overordna målet: å overtyde mottakaren. Når Martin Luther King framkallar sinne, medkjensle eller dårleg samvit med talen sin, er ikkje målet at folk skal bli sinte, medkjennande eller tyngde av dårleg samvit, men at dei skal handle. Når reklamen bruker humor og får oss til å le, er målet å avvæpne oss slik at vi vert mottakelege for salsbodskapen og kjøper produktet. Patos, appellen til kjenslene, er heilt nødvendig i ein tekst som skal overtyde.

Erfaring og kunnskap styrkjer truverdet

Men det er ikkje berre patosgrepet som gjorde Martin Luther Kings tale verknadsfull. Som afroamerikanar kunne han framstå med truverde (etos) basert på eiga erfaring. Denne erfaringa bruker han også i talen. Vi fester større lit til personar som gir inntrykk av å vite kva dei snakkar om. Uttaler for eksempel foreldra dine seg skråsikkert om kor dyktig eller udyktig læraren din er, framstår dei kanskje ikkje som særleg truverdige i dine auge. Det er trass alt du som har erfaring med korleis læraren underviser, ikkje dei. Men dersom mor di sjølv er lærar, kan dette auke truverdet hennar fordi ho har ein profesjonell kunnskap om læraryrket. Sendaren styrkjer med andre ord sjansane sine til å overtyde dersom ho byggjer etoset sitt på både røynsle og kunnskap.

Tre måtar å overtyde på

  • Etos: gjennom truverdet til talaren
  • Logos: gjennom ei overtydande saksframstilling
  • Patos: gjennom appellen til kjenslene
Heilt gresk?

Dei tre orda etos, logos og patos stammar frå gresk. Dette tyder dei opphavleg:

  • étos: karakter (i dette tilfellet talarens karakter)
  • lógos: ord, språkleg ytring
  • pátos: sterk kjensle, sinnsrørsle

Planlegging

I avsnitta over har vi forsøkt å vise dei tre retoriske grepa som er verksame i ein tekst som skal overtyde. For å lykkast i å utvikle ein slik tekst, bør arbeidet med han skje i fleire steg, omtrent på same måten som når vi planlegg og gjer i stand eit større festmåltid for vennene våre: Vi finn ut kva slags høve vi vil invitere til, vi vurderer kva slags mat vi vil servere ut frå det vi veit om høvet og om vennene, vi vel ingrediensane med omtanke, vi legg arbeid i matlagingsprosessen, og til slutt presenterer vi rettane på ein appetittvekkjande måte. Vellykka middagar er eit resultat av planlegging og førebuing. Så også med talar. Heilt sidan antikken har arbeidsprosessen frå idé til ferdig tale vore delt inn slik:

Retorikkens disiplinar (delområde)

  1. Intellectio: tenkje over kva som er formålet med talen
  2. Inventio: utforske kva som skal seiast om det valde emnet
  3. Dispositio:ordne dei valde momenta
  4. Elocutio: forme desse som ein tekst
  5. Memoria: lære talen utanåt
  6. Actio: leggje arbeid i framføringa
Kva tyder dei latinske orda?
  • intelléctio: innsikt, forståing
  • invéntio: det å finne ut (og å finne opp)
  • disposítio: ordning
  • elocútio: det å setje ord på noko; framstilling
  • memória: minne
  • áctio: handling

Med unntak av steg fem og seks kjenner du sikkert igjen fasane i skriveprosessen. Gode retoriske tekstar blir til ved systematisk arbeid med alle fasane. Målet er å skape ein tekst som inviterer lesaren eller lyttaren til å dele synspunkta dine. I denne artikkelen vil eg fokusere på tekstformingsfasen (elocutio). Målet er å gi deg nokre knaggar for eige tekstarbeid, og samtidig hjelp til å kunne gjere greie for retoriske verkemiddel i ein tekst.

Kva særmerkjer ein retorisk god tekst?

Du har vurdert kven du skal tale til, du har brukt denne kunnskapen til å velje innfallsvinklar og moment, og du har laga ei rekkjefølgje på momenta som det er lett for tilhøyrarane å følgje. Da er du godt i gang, du har lagt forholda til rette for at tilhøyrarane vil lytte med interesse. No må du arbeide med sjølve utforminga av teksten. Ifølgje dei klassiske retorikarane skal språket vere korrekt, klart, vakkert og tilpassa tale- eller skrivesituasjonen. Nokre gonger kan du sjølvsagt lykkast enda om du lèt vere å ta omsyn til desse krava. Men dét føreset at du har eit svært velvillig innstilt publikum. Møter du meir kritiske lesarar eller tilhøyrarar, vil bodskapen din neppe bestå den testen dei kjem til å utsetje han for. Og kor ofte veit du akkurat kva mottakarane dine meiner om ei sak?

Korrekt, klart og vakkert språk

Korrekt språk er feilfritt språk. Dei fleste tale- og skrivesituasjonane krev korrekt språkbruk. Feil og manglar vil svekkje truverdet ditt og gjere mottakarane skeptiske til bodskapen. Klart språk inneber å velje treffande og forståelege ord og uttrykk. Vakkert språk er noko vanskelegare å definere, men vi kan i alle fall seie at den vakre teksten helst viser mottakarane bodskapen gjennom bilete og eksempel. "Show, don't tell" er eit viktig grep i filmkunst fordi filmhistoria først og fremst vert fortald ved hjelp av bilete. Men også den verbale kommunikasjonen har sine biletlege verkemiddel som gjer at vi kan "sjå ting for oss".

I have a dream that one day, even the state of Mississippi, a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice.

Bilete som taler

Det Martin Luther King gjer, er å vise tilhøyrarane talande bilete i staden for å seie direkte til dei at dei blir undertrykte. "Mississippi er ein ørken som vert kvelt av urettferdas hete" er eit slikt bilete, ein såkalla metafor. Tilhøyrarane kan lett førestelle seg den kvelande varmen, og biletet gjer eit mykje sterkare inntrykk på dei enn om King berre hadde sagt at Mississippi er ein uleveleg stad der urettferd rår.

Dei mest vellykka bileta skaper Luther King når han set dei opp i antitesar, det vil seie som kontrastar eller motsetningspar. Sjå for eksempel på dei parvise motsetningane i setninga "... a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice." Dette verkar overtydande trass i den enkle argumentasjonen. For du vil vel heller leve i ein oase enn i ein ørken, og du vil vel heller ha fridom og rettferd enn urettferd og undertrykking?

Varmt ørkenlandskap. Foto.
Ein ørken som vert kvelt av urettferdas hete ...

Rytme og klang

Når talen i tillegg kling så vakkert, kjem det mellom anna av at enkelte lydar blir gjentekne mange gonger, slik som vislelydane (s, sj,) og k-lydane i eksempla nedanfor:

  • "Mississippi is a desert sweltering ... injustice and oppression ..."
  • "... judged by the color of their skin, but by the content of their character."

I tillegg gjentek King heile tida både setningar og setningsmønster, som for eksempel "I have a dream ...". På denne måten skaper han ein tydeleg rytme som tilhøyrarane nesten umerkande fell inn i. Med jamne mellomrom legg han inn gode pausar, både som ein del av rytmen og for å gi publikum høve til å la orda hans søkke inn før han går vidare. Alt dette gjer sitt til at publikum er med han heile talen gjennom.

Tilpassing til tale- eller skrivesituasjonen

Ser vi bak dei gripande formuleringane, kan vi undersøkje argumentasjonen til King. Da oppdagar vi at talen er sett saman av ei rekkje påstandar som det ikkje vert ført bevis for i sjølve talen. Lyttaren må godta påstanden om at Mississippi er ein ørken som blir kvelt av urettferd og undertrykking, og at afroamerikanarar vert dømde etter hudfargen, ikkje etter korleis dei oppfører seg. Desse påstandane er premissane talen byggjer på, og som Luther King går ut frå at lyttarane er samde i. Hadde Luther King talt til ei forsamling med hovudsakleg kvite tilhøyrarar, ville han kanskje ha valt andre verkemiddel. Vi kan seie at talen er nøye tilpassa talesituasjonen King opptredde i, der flesteparten av tilhøyrarane var afroamerikanarar.

Patos – det sterkaste grepet

Men talen fengjer også i dag, lausriven frå den opphavlege konteksten sin. Det er med andre ord ikkje tilstrekkjeleg å peike på at King talte til menneske som i utgangspunktet godtok premissane for talen. Det er ikkje saksargumenta (logos) som overtyder oss. Det gjer derimot det biletrike språket, dei sterke kontrastane, den rettferdige harmen og den suggererande rytmen. Det er patosgrepet som dominerer her, i kombinasjon det moralske alvoret i bodskapen.

Dei fire klassiske krava til den språklege utforminga av talen

  • Korrekt språk: idiomatisk riktig og etter reglane
  • Klart språk: eintydig og forståeleg
  • Vakkert språk: variert og tiltalande
  • Formålstenleg språk: tilpassa taleren, emnet, mottakarane og situasjonen
Litt meir latin?
  • Dei fire klassiske krava til den språklege utforminga av talen vart også kalla virtútes dicéndi, det vil seie "dei gode eigenskapane (virtutes) til ein tale (dicendi)".
  • Korrekt språk vart kalla sérmo púrus, det vil seie "den reine talen".
  • Klart språk vart omtalt som perspicúitas, "gjennomsiktigheit, klarleik".
  • Vakkert språk var ornátus, "pynten" – utan at det vakre vart sett på som overflatisk!
  • Formålstenleg språk var áptum, "det som passar (seg)".

Aksentane viser deg kvar i ordet du skal leggje trykket. Bokstaven c uttaler du k, slik romarane gjorde for to tusen år sidan.

Kva kan kunnskap om retorikk brukast til?

Talent skil seg frå kompetanse ved at dugleiken er medfødt, det vil si ikkje innlært. At Martin Luther King hadde eit spesielt talent for å tale, er heva over all tvil. Ikkje alle føler dei har eit slikt talent. Det gjeld kanskje også deg sjølv. Men alle kan satse på å utvikle større retorisk kompetanse gjennom arbeidet med tekstar, både skriftlege og munnlege. Det gjer du først og fremst ved å ta bevisste språklege val når du utformar teksten. Ein velformulert tekst vekkjer velvilje hos mottakaren og byggjer opp truverdet ditt. Viser du i tillegg god kunnskap om emnet, kan du tillate deg å prøve å dra mottakaren i di retning. Det er sagt at ein god retorisk tekst "inviterer lesaren opp til dans". Ein slik tekst inviterer til dialog og samspel. Deltek lesaren i dialog med teksten din, er ho langt på veg i ferd med å gjere bodskapen din til sin eigen.

Ei anna sak er at slik kompetanse gjer det vanskelegare å lure deg med retoriske knep. Bruk kunnskapen din neste gong du ser ein reklamefilm eller ein partileiardebatt på tv! Og hugs: Kvar gong du avslører grepa, vert det litt vanskelegare å forføre deg.

Kjelder

Eide, Tormod (1990) Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.

Kjeldsen, Jens E. (2004) Retorikk i vår tid. En innføring i moderne retorisk teori. Oslo: Spartacus forlag.

Askeland, Norunn, Hildegunn Otnes, Dagrun Skjelbred m.fl. (1996) Tekst i tale og skrift. Innføring i tekstarbeid. Universitetsforlaget.

Jensen, Leif Becker (1987) Du af elfenbenstårnet – fortælleteknik for fagfolk der vil skrive en god historie. København: Gyldendal.

Læringsressursar

Retorikk