Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Kairos: rett ord til rett tidChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Kairos: rett ord til rett tid

Taleskriving

Oppgåve 1. Spørsmål til filmen

  1. Forklar omgrepet kairos. Nemn òg to uttrykk som kan brukast som synonym til kairos.
  2. Gerhardsen listar opp ei rekkje forhold som ho må ta omsyn til når ho skal utforme ein tale. Nemn dei.
  3. I videoen får vi sjå Jens Stoltenberg i to ulike talesituasjonar. Kva for talesituasjonar er dette?
  4. Kva for funksjon har innleiing, hovuddel og avslutning i ein politisk tale, ifølgje Gerhardsen?
  5. Korleis kan ein politisk tale bli interessant for ein vanleg borgar?
  6. Kva kan lyfte ein tale frå "grei" til "glitrande"?
  7. Kva for eit råd kjem ho med til slutt?

Oppgåve 2. Utforsk kva rolle kairos speler

I denne oppgåva skal de utforske og reflektere over den rolla kairos speler for ei ytring. De skal jobbe i par eller grupper og ta for dykk ein tale, eit utspel på sosiale medium eller ei anna ytring der de meiner kairos speler ei viktig rolle. De kan både velje tekstar som har blitt vurderte som vellykka og mislykka.

Legg fram det de har funne ut for resten av klassen.

De kan anten finne tekstar sjølve eller velje mellom tekstane under. Reflekter rundt desse spørsmåla:

  1. Blei utsegna sett på som vellykka då det kom ut?
  2. Kva rolle spelte kairos for korleis teksten har blitt vurdert? Reflekter over:
    • Spelte omstenda rundt ytringa ei viktig rolle? Hadde det til dømes skjedd noko i forkant som spelte ei rolle for utforminga av teksten?
    • Kven er mottakarane av ytringa? Har det noko å seie for om ho blir vurdert som mislykka eller vellykka?
    • Har staden talen blei halden på / ytringa blei publisert noko å seie for korleis han/ho blir vurdert?

Bruk gjerne den retoriske femkanten (under) i forklaringa.

Femkant med fagomgrepa emne, avsendar, mottakar, språk og situasjon i kvart sitt hjørne. Illustrasjon.
Modellen viser alle elementa som er med i ein retorisk situasjon.

Forslag til tekstar

  1. Martin Luthers tale "I have a dream"
  2. John F. Kennedys tale "Ich bin ein Berliner"
  3. Ronald Reagans tale "Tear down this wall"
  4. Nelson Mandelas tale då han blei valt til president i Sør-Afrika
  5. Arnulf Øverlands føredrag "Kristendommen, den tiende landeplage"
  6. Petter Northugs orsakingsintervju etter å ha blitt teken for fyllekjøring
  7. Ein av Jens Stoltenbergs talar etter terroren 22. juli
  8. Sylvi Listhaugs Facebook-innlegg om at "Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet"
  9. Maud Angelicas tale i faren, Ari Behn, si gravferd
  10. Kristin Gjelsviks utspel mot Sophie Elise på Vixen Awards
  11. Siv Jensens utspel "Morna, Jens" eller "Jævla sosialister"
  12. Greta Thunbergs tale til FN
  13. Radioresepsjonens innslag i "Flauheitskonkurransen" om rasisme og klimafornekting
  14. SAS-reklamen som måtte fjernast fordi han påstod at det ikkje er noko som er "typisk skandinavisk"

Læringsressursar

Retorikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale