Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fagomgrep frå retorikken

Ei kort oppsummering av sentrale fagomgrep.

Erna Solber med ryggen til foran en tilhørerskare. Foto.

Den retoriske situasjonen

Retoriske tekstar er tekstar som inneheld ein argumentasjon og som skal overtyde. Når vi analyserer ein retorisk tekst, tek vi utgangspunkt i den retoriske situasjonen, det vil seie situasjonen der teksten vert skapt og formidla. Ifølgje den romerske forfattaren og talaren Marcus Tullius Cicero (106–43 f.Kr.) er det fem element som definerer denne situasjonen:

  • talaren
  • emnet
  • tilhøyrarane
  • høvet / omstenda
  • språket

Etos, logos og patos

Det finst tre ulike måtar å overtyde på:

  • ved å opparbeide truverd og vinne tilliten til publikum (etos)
  • ved å vekkje dei rette kjenslene hos publikum (patos)
  • ved å presentere gode argument (logos)

Vi kallar desse tre måtane å overtyde på for retoriske provmiddel eller retoriske appellformer. Det er viktig å hugse at talaren eller forfattaren alltid må ta omsyn til alle tre appellformene. Manglar ein truverd eller evne til å vekkje kjensler, vert det vanskeleg eller umogleg å overtyde gjennom argument. Manglar ein saklege argument, vil ein også verte gjennomskoda – iallfall etter kvart. Likevel kan éi av appellformene dominere i ein tale eller tekst. I så fall er dette eit medvite strategisk val skrivaren eller talaren har gjort.

Kairos og aptum

Når vi skal vurdere om talaren eller skrivaren har lykkast med formålet sitt, kan vi ta utgangspunkt i dei retoriske omgrepa kairos og aptum. Dei to omgrepa er beslekta, men ikkje heilt like. Det greske ordet kairós kan omsetjast med “den rette augeblinken” eller “god timing”. Ein røynd og dyktig talar eller skribent klarer å sjå og utnytte den rette augeblinken for å sjå eller skrive noko.

Omgrepet áptum er henta frå latin og tyder “passande, veleigna”. Omgrepet omfattar meir enn augeblinken eller situasjonen som noko vert sagt eller skrive i. At noko er passande, tyder i retorisk samanheng at det støttar opp under formålet med talen og er med på å overtyde. Talen må for det første ha ei form (oppbygning, ordval, argument osv.) som passar til emne og formål. I tillegg må talen passe til talaren som person, til publikum, til tid, stad og situasjon. Alt må stemme for at talen skal vere verknadsfull.

Høgstil, mellomstil og lågstil

Det kan også vere nyttig å karakterisere stilen i ein tekst, det vil seie den gjennomgåande tonen som pregar teksten. Val av ord og uttrykk er sterkt med på å prege stilen. I retorikken skil vi tradisjonelt mellom tre stilnivå:

  • Høgstilen er prega av ein høgtidleg uttrykksmåte og ein medviten bruk av språklege verkemiddel. Denne stilen bruker ein sjeldan i dag, men vi kan av og til finne han i formelle sjangrar som preiker og hyllesttalar, eller til dømes i dikt.
  • Mellomstilen eller normalstilen er den vanlege, saklege stilen som vi finn i aviser, lærebøker og i kvardagsspråket.
  • Typisk for lågstilen er ein uformell og munnleg uttrykksmåte og bruk av til dømes humor, slang eller bannuttrykk.

Oppbygginga av ein tale

Når du skal analysere ein tale, kan det lønne seg å sjå nærare på oppbygnaden. Gode talarar følgjer veldig ofte den klassiske grunnoppskrifta i talane sine. Denne oppskrifta er over 2000 år gammal, men ho fungerer heilt utmerkt den dag i dag. Vi tek her med dei latinske namna også, men i dette tilfellet held det fint om du kjenner dei norske omgrepa og veit korleis ein klassisk (forsvars)tale er bygd opp!

Innleiing (exórdium)

Innleiinga har som mål å vinne merksemda til tilhøyrarane og sympatien deira slik at dei er villige til å lytte til bodskapen.

Saksframstilling (narrátio)

Når tilhøyrarane er klare til å lytte, gjer ein kort greie for saka og bakgrunnen for ho. Saksframstillinga skal vere kort og klar, hendingar eller historikk bør presenterast i kronologisk rekkjefølgje.

Argumentasjon (argumentátio)

Talaren presenterer først standpunktet sitt og argumenta som støttar opp under det. Deretter kan han eller ho ta for seg opplagde motargument og tilbakevise dei, men eigne argument skal alltid få størst plass i talen.

Avslutning (perorátio)

I avslutninga kan ein kort samanfatte og minne tilhøyrarane om dei viktigaste poenga. Talen kan med fordel avsluttast med ei oppmoding eller formaning.

Læringsressursar

Retorikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale