Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Retorikk og argumentasjon

Retorikken eller talekunsten handlar om å overtyde publikum. Då må du kunne argumentere, du må framstå som truverdig og du må vekkje dei rette kjenslene hos publikum.

I bakgrunnen NOAH-leder Siri Marthinsen som holder en appell. I forgrunnen en stor ulvefigur i papp. Foto.
12.01.2019: Siri Marthinsen, leiar for NOAH, held appell under ei folkemarkering for å bevare ulv og andre rovdyr i Noreg. NOAH har valt kraftige verkemiddel i tekst og bilete!

Argumentasjon i tale og skrift

Retorikken som fag blei utvikla av dei gamle grekarane for over 2000 år sidan. Gode taleferdigheiter var heilt naudsynte i eit samfunn der det meste av kommunikasjonen var munnleg. Ville ein få innverknad og nå fram med synspunkta sine, måtte ein personleg overtyde publikum der og då.

I dag argumenterer vi både munnleg og skriftleg. Vi diskuterer med vener eller på jobben, og vi skriv debattinnlegg og deltar i nettdiskusjonar. Vi sender jobbsøknader og prøver å overtyde på jobbsamtale. Retoriske ferdigheiter har vi alltid bruk for!

Emner

Retorikk og argumentasjon

  • Retorikk

    Lær viktige retoriske fagomgrep og velprøvde oppskrifter, og analyser bruken av retoriske grep og verkemiddel i skriftlege, munnlege og samansette tekstar.

  • Argumentasjon

    Lær deg fagomgrepa du treng for å beskrive og analysere saksargumentasjonen i ein tekst.