Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SakprosaChevronRight
  5. Kåseri og petitChevronRight
  6. "Familien som spela vekk jola" ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

"Familien som spela vekk jola"

Nærbilde av spilleautomat. Ei hand som putter på en mynt. Foto.

Kort om sjangeren

"Familien som spela vekk jola" er eit kåseri som har vore sendt på NRK Radio. Journalist Linda Eide kallar teksten for eit moderne skillingsdikt. Skillingstrykka på 1800-talet var enkle trykksaker som også dei fattige hadde råd til. Dikta og visene som blei spreidde på denne måten, handla ofte om tragisk kjærleik og død, men ein del skillingsviser formidla også nyhende, til dømes om drap, skipsforlis og andre katastrofar. Skillingsdikta kunne altså vere oppdikta historier, eller dei kunne handle om røynda.

Familien som spela vekk jola

0:00
Familien som spela vekk jola

Oppgåve

Lytt til teksten "Familien som spela vekk jola" og svar deretter på spørsmåla:

  1. Dette kåseriet er forma som eit forteljande dikt. Finn prov i diktet på at forteljaren er autoral og allvitande.
  2. Gjer kort greie for handling og konflikt:
    • Kva for eit problem er det familien til Vesle-Lars står overfor?
    • Vesle-Lars blir send ut for å løyse problemet. Kva skal han gjere?
    • Kva er årsaka til at han mislykkast?
    • Korleis sluttar forteljinga?
  3. Kva for ei framstillingsform vel forfattaren når spenninga toppar seg? Referat, scene eller skildring?
  4. Kva slags inntrykk får vi av far og mor til Lars? Finn informasjon i teksten som er med på å skape dette inntrykket.
  5. Gi eit døme på miljøskildring i teksten.
  6. Gi eit døme på tilbakeblikk i teksten.
  7. Peik på humoristiske trekk ved tekst og framføring.
  8. Korleis vil du karakterisere humoren i dette kåseriet?
  9. Kva har sjanger, stemmebruk og musikk å seie for korleis vi oppfattar forteljinga?

Læringsressursar

Kåseri og petit

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale