Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SakprosaChevronRight
  5. Kåseri og petitChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kåseri og petit

Kåseri og petit er to sjangrar som har mykje til felles. Dei er korte, dei skal underhalde og dei skal vere godt skrivne.

Kåseri

Ordet kåseri kjem av fransk causerie, som tyder "lett, ledig samtale". Kåseriet var da også opphavleg ein munnleg sjanger, ein danna, lett samtale om litteratur, filosofi og kunst.

Den første som brukte ordet kåseri om skriftlege tekstar, var den franske kritikaren Charles-Augustin Sainte-Beuve (1804–1869). Kåseria hans var forfattarportrett med litteraturkommentarar. Etter kvart blei kåseri ei sjangernemning for lette, populariserande aviskommentarar om vitskap og kunst, med eit visst munnleg og samtalande preg.

"Kåseriet er ein dagsaktuell bagatell, mindre innhaldsrikt enn essayet, og sjeldan kontroversielt."

Sakprosaforskar Ottar Grepstad

Petit

Dei trykte kåseria blei også kalla petitar (fransk for liten), på grunn av skrifttypen som desse tekstane blei sette med. I dag bruker vi framleis nemninga petit på korte, kåserande tekstar i aviser, mens vi ofte bruker kåseri om den munnlege varianten, til dømes i radioen, i revyar og standup-show. Dessutan kallar vi tekstar i denne sjangeren som er skrivne i skolesamanheng, for kåseri.

Sakleg innhald - leikande språk

I eit kåseri skriv forfattaren om den verkelege verda – emnet er som oftast kvardagsleg eller dagsaktuelt. Språket derimot er prega av eit leikande og utforskande forhold til dette emnet. Ein kåsør kan leike med ord og uttrykk og alle slags språklege verkemiddel.

Humor og ironi

Emnet skal behandlast på ein lett og humoristisk måte. Derfor blir ironi eit viktig verkemiddel, og kåsøren bruker generaliseringar, overdrivingar, underdrivingar og andre verkemiddel som har ein humoristisk effekt.

Munnleg tone

I tillegg held kåsøren ein lett og munnleg språktone, til dømes gjennom enkel setningsbygnad, kvardagslege ord og uttrykk, eller slang.

Personleg og subjektivt

Eit anna typisk trekk ved kåseriet er den personlege tonen i teksten. Forfattaren er synleg, han bruker gjerne eg- eller vi-form, og han vender seg ofte direkte til mottakaren. Det er også vanleg at kåsøren tydelig viser at han har personlege synspunkt om emnet han tek opp.

Litt meir enn underhaldning

Ein god kåsør har fleire formål med teksten sin: Han vil underhalde, men også vekkje ettertanke, og derfor er både form og innhald viktige. Målet er gjerne å få lesaren til å sjå på ei sak med eit nytt og skeivt blikk.

Kåseri: lett, underhaldande foredrag
Petit: kåserande avisartikkel. Nemninga kjem av at stoff av mindre høgtidleg innhald tidlegare oftast blei sett med skriftgraden petit.

Frå Store norske leksikon

Læringsressursar

Kåseri og petit