Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SakprosaChevronRight
  5. EssayChevronRight
  6. Norsk og engelsk - venner for livet?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Norsk og engelsk - venner for livet?

Oppgåve 1

Sjanger, emne og formål

  • Er teksten eit personleg essay eller eit saksessay? Grunngi svaret.

  • Kva handlar teksten om? Beskriv emnet med éi setning.

  • Kva er det forfattaren stiller seg kritisk til? Formuler kort.

Oppgåve 2

Språklege bilete

Kjenner du igjen verkemidla i desse setningane frå teksten?

  • "Norsk og engelsk – venner for livet?"
    (Her har fortattaren kombinert to språklege verkemiddel.)

  • "...at jeg kan oppfattes som en slags språkets tante Sofie."

  • "Når sluttet det norske språket å være kult? Våknet det bare opp en morgen og tenkte 'Nei, nå snører jeg på meg tøflene, henger opp solnedgangselgen og setter meg til rette i stresslessen med en boks kamferdrops. Nå kan de andre få holde på - de er jo så mye freshere og hippere enn meg uansett.'"

  • "De nye ordene lå så godt i munnen. De smakte så søtt av tyggegummi og velstand at det føltes rent ellevilt å skulle bytte dem ut med noen trauste, norske som smakte granbar og furupanel."

Oppgåve 3

Andre språklege verkemiddel

  • Kva for verkemiddel bruker forfattaren for å skape ein dialog med lesaren?
  • Finn du fleire språklege verkemiddel i teksten? Gi eksempel.

Oppgåve 4

Grafiske verkemiddel

  • Forfattaren bruker grafiske verkemiddel som kursivering og VERSALAR (store bokstavar). Kva oppnår ho med dette? Finn eksempel og forklar.

Oppgåve 5

Komposisjon

  • Kor lang er innleiinga?
  • Kvar er overgangen mellom hovuddel og avslutning i teksten?
  • Korleis heng innleiing og avslutning saman? Og kva kallar vi denne typen komposisjon?

Læringsressursar

Essay

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale