Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SakprosaChevronRight
  5. EssayChevronRight
  6. Kunsten å skriveChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kunsten å skrive

Oppgåve 1

Orda og uttrykka nedanfor er henta frå essayet. Lag ordforklaringar! Slå opp orda, høyr med klassekameratar eller spør læraren om hjelp.

  1. eit fenomen
  2. eit allment akseptert sjangersystem
  3. normer og konvensjonar
  4. kontroversiell
  5. lakei
  6. språkkodar
  7. minimalisme
  8. rokokko
  9. eit ramaskrik
  10. trivialisering
  11. nymfomann (nymfoman + mann)
  12. heimeleksikografi (heimelekse + leksikografi)
  13. multikulturell
  14. gemakk
  15. dynamikk
  16. artikkulant (artikkel + ...ant)
  17. hjerteressayist (hjerte + essayist)

Oppgåve 2

  • Er teksten eit personleg essay eller eit saksessay? Grunngi svaret.
  • Kva emne handlar teksten om?
  • Kva standpunkt er det forfattaren argumenterer for?

Oppgåve 3

  • Finn nokre av argumenta forfattaren bruker for å underbyggje standpunktet sitt.
  • Han omtaler både lærarane og skolen fleire gonger i teksten. Kva synst han er positivt ved skolen, og hva oppfattar han som negativt?

Oppgåve 4

  • Kva kjelder bruker han i essayet sitt (fagpersonar, bøker osv.)?
  • Korleis skil kjeldebruken i dette essayet seg frå kjeldebruken som krevst i ein fagartikkel?

Oppgåve 5

Forfattaren har delt opp teksten sin ved hjelp av undertitlar (deloverskrifter). Ei deloverskrift i ein saktekst skal normalt fortelje kort kva dei følgjande avsnitta handlar om, ho gir eit slags mini-samandrag.

I denne teksten har forfattaren brukt deloverskrifter på ein litt uvanleg måte. Ta for deg kvar enkelt deloverskrift i teksten og forklar korleis ho belyser avsnitta ho høyrer saman med.

Oppgåve 6

Forfattaren bruker mellom anna ei rekkje substantiv-frasar med genitiv (eieform): det hellige skriftspråks gemakker, skjønnlitteraturens rokokkosnirklete, labyrintaktige omveier, osv.

Denne uttrykksmåten er lite vanleg i nynorsk, og heller ikkje like vanleg lenger i moderne bokmål.

Finn tre andre døme på denne typen substantivfrasar i teksten. Lag forslag til korleis desse tre frasane best kan setjast om til nynorsk.

Læringsressursar

Essay