Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SkjønnlitteraturChevronRight
  5. Lyrisk diktningChevronRight
  6. Samanlikn to dikt!ChevronRight
LearningPath
Du er nå inne i en læringssti
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

"Hvilket rom har bare plass til én?"

Oppgåver til diktet "Hvilket rom har bare plass til én?" av Gro Dahle (f. 1962). Dahle skriv litteratur for både vaksne og barn.

Forfatteren Gro Dahle. Foto.

Diktet " Hvilket rom har bare plass til én?" er henta frå diktsamlinga Regnværsgåter frå 1994.

Oppgåve 1

Om tekst og forfattar

  • Kva er tittelen på diktsamlinga teksten er henta frå?
  • Når blei denne diktsamlinga gitt ut?
  • Kva slags tekstar er det Gro Dahle skriv? Finn ut litt meir om henne, til dømes på Wikipedia eller på nettsidene til forlaget Cappelen Damm.

Oppgåve 2

Førsteinntrykk og oversikt

  • Brukslyrikk, sentrallyrikk, allmenn tekst, personleg tekst, songlyrikk, boklyrikk: Kva for "merkelappar" passar? Grunngi svaret ditt.
  • Kor mange avsnitt er diktet delt opp i?
  • Den første delen av diktet kan minne om ei gåte for barn, men så blir tonen meir alvorleg. Kvar er det tonen skifter? Skjer endringa brått eller gradvis?
  • Kva trur du diktet handlar om? Summer opp førsteinntrykket ditt i éi setning.

Oppgåve 3

Nærlesing

  • Det første avsnittet gir oss tre tenkjelege svar på spørsmålet i tittelen, men alle tre svara er feil. Kva for funksjon har avsnittet?
  • I avsnitt to får vi løysinga som eg-personen har i tankane. Kva er rommet som berre har plass til éin person?
  • Finn to bilete som diktaren bruker for å skildre dette rommet. Kva for eigenskap ved rommet er det bileta framhevar?
  • I avsnitt tre taler eg-personen til eit «du». Kva slags forhold kan det vere mellom desse to, trur du? Finn "prov" i teksten som underbyggjer svaret ditt.
  • "Eg" og "du" ser ut til å ha ulike forventningar til forholdet mellom dei. Gjer kort greie for desse forventningane. Bruk eigne ord.
  • I avsnitt fire får vi vite korleis "eg" og "du" kommuniserer med kvarandre til vanleg. Kva for eit bilete bruker diktaren for å karakterisere denne kommunikasjonen?
  • Kva fortel dette biletet om nærleik og avstand mellom personane? Forklar.

Oppgåve 4

Oppsummering

  • Har du fått bekrefta førsteinntrykket ditt av teksten, eller tolkar du han no på ein annan måte? Kva vil du no seie er temaet forfattaren tek opp?
  • Kva trur du forfattaren vil formidle gjennom denne teksten? Svar kort.