Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SkjønnlitteraturChevronRight
  5. Episk diktingChevronRight
  6. Forteljar og synsvinkelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forteljar og synsvinkel

Ei historie kan forteljast på ulike måtar: i første eller tredje person, med eller utan innblikk i kva personane tenkjer, med eller utan synleg forteljar.

I munnlege forteljesituasjonar er det heilt opplagt kven som er forteljaren, og kven sin versjon av historia vi får! Høyr gjerne på den korte fabelen. Forteljar er Heidi Dahlsveen.

Kven fortel historia?

Svaret på dette spørsmålet verkar nokså opplagt, for forfattaren rår sjølvsagt fullt og heilt over teksten sin. Men det heile er litt meir innfløkt enn som så:

Nei, det var ikkje eg som gjorde det. Eg orkar ikkje slikt. Det byr meg imot. Eg får meg ikkje til det rett og slett. Slik har det alltid vore. Det var ikkje eg som stussa halen på katten, reiv vengene av levande fluger eller spidda sniglar på spisse pinnar. Det var dei andre småungane. Men det var eg som tenkte det ut.

Slik opnar novella "Regi" av Oddny Bjordal. Her er det ikkje forfattaren som taler om seg sjølv. Ho har lagt orda i munnen på ein ung gutt, som også er hovudpersonen i forteljinga. Han har ei dominerande rolle i ungeflokken og manipulerer dei andre til å mobbe utvalde offer. I novella er det han som fortel.

Forfattaren av ei skriftlig forteljing er altså ikkje identisk med forteljaren. Forfattaren vel korleis ei historie skal forteljast, og valet av forteljar er eitt av verkemidla forfattaren rår over.

Personal og autoral forteljar

I novella "Regi" er det ein av karakterene som fortel. Vi ser verda gjennom dei same "brillene" som denne personen og får hans eller hennar versjon av hendingane. Då seier vi at forteljaren er personal.

Men forteljarstemma treng ikkje vere knytt til nokon bestemt person. Sjå litt nærare på innleiinga til novella Ballstemning (ekstern) av Alexander Kielland:

Ad de glatte marmortrinn var hun steget opp uten uhell, uten anstrengelse, alene båret av sin store skjønnhet og sin gode natur. Hun hadde inntatt sin plass i de rikes og mektiges saler uten å ha betalt adgangen med sin ære og sitt gode rykte. Og dog var der ingen, som kunne si, hvorfra hun var kommen; men der hviskedes om, at det var dypt nedefra.

Her har vi å gjere med ein forteljar som observerer personar og hendingar utanfrå. Han kjenner fortida til hovudpersonen og veit kva folk sladrar om. I tillegg hevdar han at han er i same situasjon som lesaren, for han har ikkje førstehands kjennskap til livet i fattigkvartera i Paris. Det verkar som om forfattaren fortel historia direkte til oss lesarar. Derfor kallar vi denne typen forteljar for autoral forteljar.

Pronomenet avslører forteljaren

Om ein forteljar er personal eller autoral, kan vi også lett sjå på bruken av personleg pronomen i forteljinga. Ein personal forteljar er ein eg-forteljar. Er forteljinga skriven i tredje person (han, ho osv.), viser det at forteljaren er autoral.

Autoral

  • Adjektivet autoral er avleidd av det latinske substantivet auctor, som tyder "forfattar, opphavsmann".
  • Det engelske ordet author har same opphav.

Personleg pronomen

  • Første person = eg, vi
  • Tredje person = han, ho, det, de

Synsvinkel

Nær knytt til forteljaromgrepet er omgrepet synsvinkel. Med synsvinkel meiner vi det oversynet over handling og personar som forteljaren har frå ståstaden sin. Synsvinkelen avgjer kva det er vi som lesarar får vite – og kva vi ikkje får vite.

Intern synsvinkel

I ei førstepersonsforteljing er det eg-forteljaren sin versjon av hendingane vi får høyre. Vi får vite kva eg-personen tenkjer, seier, ser og høyrer, men ikkje meir. Synsvinkelen er klart avgrensa. Fordi historia blir fortalt "innanfrå", gjennom ein av karakterane, seier vi at synsvinkelen er intern.

Ekstern synsvinkel

Dersom forfattaren skriv forteljinga si i tredje person, er forteljaren autoral og står utanfor handlinga. Handling og personar blir derfor i utgangspunktet skildra "utanfrå", synsvinkelen er ekstern. Islendingesogene er eit godt døme på konsekvent bruk av ekstern synsvinkel. Forteljaren i soga følgjer vekselvis fleire ulike personar, men røper ingenting om kva personane tenkjer. Vi får berre vite korleis dei handlar og kva dei seier.

Skiftande synsvinkel

I ei tredjepersonsforteljing kan forfattaren òg bruke fleire synsvinklar og på den måten gi oss innsikt i kva ein eller fleire av personane tenkjer.

Døme 1

Novella "Skolegutt" av Laila Stien handlar om ein liten samisk gut ved namn Mattis, og om møtet hans med ein skule der all undervisning er på norsk. I novella ligg synsvinkelen for det meste hos Mattis, men vi får også vite kva foreldra tenkjer om skulen som dei pliktar å sende Mattis på:

Mora og faren syns ikke noe om skolen. Ungene lærer ikke det de trenger å lære. De blir klønete og ukyndige med reinen når de er så mye borte fra den. Ikke får de ta seg fri heller. Det er sørgelige greier. (intern synsvinkel, foreldrene)

Bare i sommerferien og i helgene kan Mattis være med foreldrene til flokken. Det er det gildeste Mattis vet. Særlig om vinteren. Da får han sitte på scooteren sammen med mora, faren eller de store søsknene sine. Han får sitte foran og holde i styret og kjøre så snøspruten står bak dem. Når han blir stor, skal han ha sin egen scooter – en Yamaha. (intern synsvinkel, Mattis)

Døme 2

I novella "Ballstemning" skiftar synsvinkelen umerkeleg fram og tilbake mellom intern og ekstern. Forteljaren veit kva både hovudpersonen og andre personar tenkjer, han bevegar seg fritt mellom fortid og notid, og han kommenterer det som hender. Vi bruker gjerne omgrepet allvitande forteljar om ein autoral forteljar som tilsynelatande har fullt oversyn over alt som skjer:

Sin fortid hadde hun glemt. (intern) Hun hadde glemt den på samme måte som vi har glemt rosene, silkebåndene og de gulnende brev fra vår ungdom, fordi vi aldri tenker på dem. De ligger nedlåst i en skuff vi aldri åpner. (ekstern) […]

Men om natten drømte hun undertiden skrekkelige ting. Hun følte atter hvorledes den gamle heks som hun hadde bodd hos, rusket henne i skulderen for å jage henne av sted i den kolde morgen til madamen med ballblomstene. (intern)

Døme 3

Ein autoral forteljar kan også halde seg heilt i bakgrunnen, følgje ein person nesten som ein skygge og la denne personen ha synsvinkelen heile vegen. Morten Harry Olsens novelle "I urskogen" gir oss eit godt døme på denne typen synsvinkelbruk. Hovudpersonen i novella heiter Pettersen. Han er ein eldre mann som har feira bursdagen sin med eit godt måltid på ein fin restaurant. På vegen heim prøver han å stoppe ein slåstkamp, men blir sjølv slått ned. Han må på legevakta på Ullevål sjukehus og ventar deretter på ei drosje som skal køyre han heim.

Pettersen ventet utenfor. For første gang etter hjerteoperasjonen følte han trang til en sigarett. Det var ikke helt mørkt; natten hadde et dypt skjær. Det var mildt. Han begynte å føle seg roligere. Han kikket på armbåndsuret. Klokka var nesten to. Han hadde ikke vært oppe så sent på så lenge han kunne huske. Fødselsdagen hans var over, og ødelagt. Det gode måltidet, konjakken og sigaren lå langt, langt tilbake. Han skulle ha sittet trygt og komfortabelt hjemme, drukket en førsteklasses vin og lest en god bok. Han følte seg ikke lenger i slekt med de menneskene som var ute på natten.

Synsvinkelen i novella er nesten konsekvent intern, han ligg hos Pettersen. Slik kjem vi tett innpå han og får sympati med han – og tilsvarande antipati mot pøblane som har spolert fødselsdagen hans. I denne novella er det berre omtalen av hovudpersonen som "Pettersen" og bruken av pronomenet "han" som røper den autorale forteljaren.

Kort oppsummering

  • Ei historie kan forteljast i første eller tredje person.
  • Ei førstepersonsforteljing eller eg-forteljing har ein personal forteljar som er ein av karakterane i forteljinga. Synsvinkelen er intern.
  • Ei tredjepersonsforteljing har ein autoral forteljar som står utanfor handlinga. Synsvinkelen kan vere ekstern, han kan vere skiftande, men han kan også vere nesten gjennomført intern.

Læringsressursar

Episk dikting

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale