Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Kvifor er tekstane samansette?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor er tekstane samansette?

Ein viktig grunn til at vi lagar så mange samansette tekstar, er at dei ulike uttrykksmåtane har ulike funksjonar i teksten.

Portrett av skuespilleren Jon Øigarden og en tekst som forteleler hva han heter og hvor gammel han er. Faksimile.
Forsiden til Dagbladets lørdagsbilag Magasinet

Eit fotografi viser korleis ein person ser ut, mens orda kan fortelje kva vedkommande heiter, kor gammal han er og kvifor han er avbilda. I eksemplet ovanfor gir biletet eit litt omtrentleg inntrykk av kor gammal Jon Øigarden er, mens talet, som står i parantes i den skiftlege teksten, fortel dette heilt presist. På den andre sida gir biletet oss ansiktstrekka til Øigarden meir nøyaktig enn den mest ordrike skildringa ville klart.

Ulike uttrykksmåtar kompletterer kvarandre

Dersom vi kombinerer fleire uttrykksmåtar, kan vi skape tekstar som utnyttar det dei ulike uttrykksmåtane fungerer best til. Dei to bileta nedanfor il venstre av Universitetet i Agder har samme motiv. Kartet kan gi oss oversikt ved å vise plassering, avstand og målestokk, men det er kanskje lettare å kjenne seg igjen ved å sjå på eit fotografi.

Appell til hovud og hjarte

Fotografi og musikk er ofte veleigna til å engasjere kjenslene våre, mens skriftspråket gjerne har andre funksjonar i samspelet med bilete og lyd. Plakaten ovanfor til høgre frå Amesty International inneheld eit fotografi som appellerer sterkt til kjenslene. Mange kjenner eit tydeleg ubehag i møte med slike bilete.

Den skriftlege teksten skal hjelpe oss til å omsetje kjenslene til handling: Orda informerer om kva vi kan gjere for å hjelpe menneske som opplever tortur.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter