Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Fire typar biletutsnittChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fire typar biletutsnitt

Med biletutsnitt meiner vi den delen av teikneserieverda som vi ser i biletruta. Vi kan skilje mellom fire typar biletutsnitt: totalbilete, halvnærbilete, nærbilete og ultranærbilete.

Les meir

Totalbilete

Eit totalbilete er eit avstandsbilete som gir oversikt over personar om omgivnader.

Halvnærbilete

I eit halvnærbilete fokuserer teiknaren på ein person, ein gjenstand osv. Vi ser personen frå hovudet og omtrent ned til knea.

Nærbilete

På eit nærbilete blir heile biletflata dekt av hovudet og kroppen ned til litt av skuldrene.

Ultranærbilete

I eit ultranærbilete ser vi ein enda mindre del av ein kropp eller gjenstand enn i eit nærbilete, til dømes berre auga til ein person.

Eksempel

Eksempelbileta nedanfor er henta frå teikneserien Thorgal, der handlinga er lagt til vikingtida. Thorgal er ein historisk serie som låner trekk frå fantasy-sjangeren.

Thorgal.ilustrasjon.
Thorgal

Les biletkommentaren

Bilete 1

Dette er eit avstandsbilete. Her er vi vitne til ein dramatisk situasjon: Ein mann med øks står framfor ein vill og galen ulv. Vi er tilskodarar som kikkar over skuldrene til mannen.

Korleis skal teiknaren på ein mest mogleg dramatisk måte framstille det som no kan skje? Korleis kan han få fram konfrontasjonen mellom mann og ulv?

Bilete 2

Vi går rett inn i eit ultranærbilete av ulveauga. Dette kjem som eit visuelt sjokk sidan vi blir førte rett frå eit avstandsbilete til eit ultranært utsnitt.

Bilete 3

Vi ser her eit ultranærbilete av auga til mannen. Det er redsel og frykt som pregar blikket hans. Han er livande redd for det som no kan komme til å skje. Bileta to og tre er reaksjonsbilete som blir sette saman til to like biletelement. Dette er ein teknikk som ofte blir brukt i spelefilm.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter