Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. FilmordlisteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Filmordliste

Ei alfabetisk oversikt over dei viktigaste fagspråkuttrykka innanfor sjangeren spelefilm.

Gutt og jente ser på film. Foto.

Antagonist

les meir

I ei forteljing er det ofte motsetnader mellom den gode helten og den vonde motstandaren. Skurken blir gjerne kalla antagonist, mens helten er protagonisten. Konflikten mellom desse to er det som gir forteljinga framdrift. Vi finn denne typen konfliktar og motsetnader i både munnlege og skriftlege forteljingar, i drama og i film.

Bakgrunn

les meir

Bakgrunnen er den delen av biletet som ligg "lengst bak", det vil seie lengst frå fotografen eller sjåaren.

Biletutsnitt

les meir

Eit biletutsnitt kan vere alt frå eit ultratotalt bilete der vi knapt skimtar menneske, til eit ultranært bilete som berre viser ein del av kroppen på eit menneske eller ein del av ein gjenstand. I eit totalbilete ser vi heile mennesket og noko av miljøet.

Dialog

les meir

Dialog på filmspråket er (stemmene til) personar som samtaler.

Diegetisk lyd

les meir

Diegetisk lyd er alle lydar som er ein naturleg del av filmuniverset. Vi skil mellom lydkjelder som er synlege i biletet (on-screen) og lydkjelder som ikkje er det (off-screen).

Effektlyd

les meir

Effektlyd er lyd som kjem i tillegg til dialog og musikk. Denne lyden blir brukt for å setje fokus på ein gjenstand, ei handling eller ei hending, men han kan også nyttast for å skape attkjenning og byggje opp mot dramatiske høgdepunkt.

Effektlydar kan delast i to grupper: Lydar som forsterkar konkrete hendingar, og kunstige lydar som ikkje umiddelbart kan knytast til det som skjer i ei scene.

Døme på forsterkande effektlydar er lenkjer som raslar, ei klokke som tikkar, overdriven knirking, smell frå eksplosjonar, glas som blir knust etc.

Døme på kunstige effektlydar kan vere ein høgfrekvent eller djup lyd, ofte ein sampla lyd som blir fordreia. Eit konkret døme er lyden av eit hjarte som slår, som blir spela baklengs og langsamt. Slike effektlydar nyttar ein for å skape stemning i ei scene, men dei kan ikkje knytast til ei bestemt lydkjelde.

Filmmusikk

les meirDette er musikk som fungerer som ein integrert del av filmspråket. Film- musikk blir brukt som stemningsskapar, og for å understreke hendingar i filmen. Stader, gjenstandar og personar kan òg få eigne musikalske tema.

Forgrunn

les meir

Forgrunnen er det som er fremst i biletet, nærmast fotografen eller sjåaren.

Forteljing

les meir

Forteljinga blir sett saman av element frå historia, men treng ikkje å innehalde alt det som skjer. Også rekkjefølgja på hendingane kan stokkast om i filmforteljinga.

Halvtotalt bilete

les meir

Biletet viser eitt eller fleire menneske, mens omgivnadene for det meste er kutta vekk. Vi ser personane frå litt over knea og med litt luft over hovudet. Utsnittet er nært nok til at vi kan sjå kroppsspråket og rørslene til personane.

Halvnært bilete

les meir

Biletutsnittet er kutta slik at vi ser ein person frå hovud til hofte, men slik at hendene er synlege.

Handling

les meir

Handlinga (eller plottet) i ei forteljing oppstår ved at hendingane blir sette inn i ein årsakssamanheng. Kvar einaste hending har noko å seie for gangen i handlinga og for det endelege utfallet.

Historie

les meir

Ei historie er ein serie hendingar som følgjer kvarandre kronologisk, anten i den rekkjefølgja som dei faktisk har hendt (i forteljingar som byggjer på noko som verkeleg har skjedd), eller slik ein tenkjer seg dei har hendt (i oppdikta forteljingar).

Jump-cut

les meir

Jump-cut er ei form for redigering der ein fjernar delar av ei scene, utan å skjule dette med eit kontinuitetsklipp eller eiovertoning. Det skal vere heilt tydeleg at noko har blitt klipt vekk.

Ikkje-diegetisk lyd

les meir

Ikkje-diegetisk lyd er lyd som ikkje naturleg høyrer heime i det miljøet som ei scene beskriv.

Innstilling

les meir

Innstilling eller kamerainnstilling kallar vi det når kameraet blir stilt i ein ny posisjon. Ei scene består vanlegvis av fleire innstillingar med ulike bilet-utsnitt.

Kontentum

les meir

Kontentum er eit ord for atmosfærelyd − den lyden som naturleg høyrer heime i det miljøet vi får sjå i ei scene. Mange filmar blir tatt opp under svært kontrollerte forhold, som regel i eit studio. Dermed finst det ingen naturlege atmosfærelydar, og desse blir da ofte tekne opp ein annan stad, eller i etterkant av innspelinga, og lagt på lydbiletet til slutt.

Kontinuitetsklipp

les meir

Om vi ser bort frå nokre former for montasje, er kontinuitetsklipp den vanlegaste måten å klippe. Formålet er å gjere klippa så usynlege som råd er.

Det gjer ein ved å følgje visse reglar når ein klipper. For det første skal det vere ei veksling mellom ulike typar biletutsnitt når ein skildrar ei samanhengjande scene.

Regissøren kan dessutan velje mellom ulike typar klipp. Ein kan til dømes velje klipping på blikkpunkt: Personar eller gjenstandar som fangar blikket, blir plasserte på same stad i biletruta, både i biletet som kjem føre klippet og i biletet etter.

Det er også vanleg med klipping i rørsler. Da legg ein klippet midt i ei rørsle (anten ei kamerarørsle eller ei rørsle i biletet).

Klipping i overgangar er ei tredje løysing. Eit eksempel på dette er at klippet kjem når ein person går ut av ei dør og inn gjennom ei anna.

Karakter

les meir

Med karakter meiner vi ein fiktiv person i filmen. Ordet skodespelar bruker vi om den verkelege personen som framstiller karakteren.

Manus

les meir

Omgrepet manus bruker vi om teksten til ein film eller eit skodespel. Manuset inneheld dialogar, monologar, samt enkle scenetilvisingar og personkarakteristikkar.

Mellomgrunn

les meir

Mellomgrunnen er den delen av biletet som ligg "midt mellom" forgrunnen og bakgrunnen.

Monolog

les meir

Ordet tyder einetale, og er dermed det motsette av dialog. I film bruker ein ofte voice-over for å formidle monologar.

Montasje

les meir Nærbilete

Montasje er eit anna ord for klipping. Klipping påverkar måten vi oppfattar bilete og scener på. Det var særleg ein del russiske filmskaperar på 1920-talet som utforska kva ein kunne oppnå med ulike former for klipping.

Klippinga er ikkje alltid "sømløs" og usynlig, ho kan følgje heilt andre reglar. Til dømes kan klippinga få bilete til å stå i kontrast til kvarandre og til å "kollidere" med kvarandre, eller klippinga kan følgje takten i musikken.

les meir

Et nærbilete gir oss eit biletutsnitt som viser personen frå hovud til skulder, utan "luft" over.

Overtoning

les meir

Overtoning er eit alternativ til det reine klippet. Bileta i ei scene blir her langsamt tona over i bileta i neste scene.

Parodi

les meir

Ein parodi er ei etterlikning som latterliggjer originalen, med overdriving som eit viktig verkemiddel. Revy-skodespelarar, standup-komikarar og karikaturteiknarar er døme på folk som må kunne parodiere.

Plott

Sjå handling.

Protagonist

les meir

I det klassiske greske dramaet var protagonisten den karakteren som hadde hovudrolla i stykket. Motstandaren hans blei kalla antagonisten. Omgrepa blir brukte også i dag, blant anna om karakterar i filmar og eventyr. Konflikten mellom antagonist og protagonist er ofte det som skaper framdrift i forteljinga.

Real-lyd

les meir

Dette er tilsynelatande naturleg lyd som høyrer heime i det miljøet som scena viser. Lyden blir ofte spelt inn på opptaksstaden, men han kan også leggjast til seinare.

Regissør

les meir

Regissøren er den som set i scene eit dramatisk verk, anten det er ein spelefilm, eit teaterstykke eller eit høyrespel. Regissøren jobbar til vanleg ut frå eit manus. Han eller ho bestemmer korleis dramaet skal spelast.

Scene

les meir

Ei scene er ein serie hendingar som er naturleg knytte saman. Dei kan til dømes gå føre seg på same stad. I ein spelefilm kan ei scene vere ganske lang, men ho er oftast delt opp gjennom ei rekkje innstillingar.

Statist

les meir

Ein statist er ein person som opptrer i bakgrunnen. Ei typisk statistrolle er ei meir eller mindre "taus" rolle − statisten snakkar ikkje til hovudpersonane og har ofte ikkje nokon replikkar i det heile.

Totalbilete

les meir

Eit totalbilete viser heile mennesket frå topp til tå. Samstundes har personane litt "luft" over hovudet.

Ultranært bilete

les meir

I eit ultranært bilete fyller deler av eit ansikt eller deler av eit objekt heile biletruta.

Ultratotalt bilete

les meir

Eit ultratotalt bilete er eit stort oversiktsbilete der ingen detaljar dominerer. Det kan til dømes vere eit oversiktsbiletie over en by eller ein idrettsarena. Enkeltpersonar kan vi knapt sjå.

Uttrykk

les meir

Med uttrykk (eller "diskurs") meiner vi den forma filmen faktisk har fått. Den er regissørens versjon av historia.

Voice-over

les meir

Voice-over er ei stemme som blir lagt oppå den lyden som elles finst. Vi ser til vanleg ikkje den som "eig" stemma. Denne teknikken blir ofte nytta dersom ein vil ha ei kommentarstemme, men ein kan òg bruke han dersom ein vil få fram det ein person tenkjer (indre monolog).

Fleire omgrep

Du finn fleire omgrep forklart i dette danske filmleksikonet:

Filmleksikon A-Z

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter