Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Næranalyse av scene frå kortfilmen SnøChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Næranalyse av scene frå kortfilmen Snø

(Klipp frå anslaget til kortfilmen Snø)



Du skal no få eit eksempel på ein næranalyse av anslaget til kortfilmen Snø. Deretter skal du øve deg på næranalyse av ein annan scene frå filmen.

Eksempel på ein næranalyse av anslaget til kortfilmen Snø

Kortfilmen Snø opnar med ei svart biletramme. Biletet blir gradvis fylt av ørsmå snøfnugg. Snøfnugga rører seg på ein måte som gir inntrykk av at det blæs. Dette blir også understreka av ein svak suselyd som kan høyrast i bakgrunnen. Gradvis blir lydbiletet fylt av enkelte skarpe og klare pianotonar, og bokstavane SNØ blir gradvis synlege. Den tydelege kontrasten mellom den svarte bakgrunnen og den kvite snøen, er med på å skape spenning. Ein snøkrystall i eit totalbilete rører seg sakte gjennom biletramma. Den moderne og nesten glassaktige musikken understrekar rørslene til snøkrystallen mens han snurrar bortover. Musikken og lyden er også med på å framheve eigenskapar som blir forbundne med snø, som noko kaldt, skjørt og leikent.

Deretter blir det klipt til ei oppslagsramme der det heng gamle fotografi, musikknotar og andre notat. Det er bilete av Leonard Cohen, av komponisten sjølv, av ein hund, av snøkrystallar og av den norske samtidsmusikk-komponisten Arne Nordheim. Tilskodaren blir så med inn i arbeidsrommet til komponisten. Komponisten sit aleine og spelar nokre tonar på synthesizeren, før han strekkjer seg etter notearket mens han grublar. Vi ser at han skrur på nokre knappar på ein miksepult før han spelar av eit lydklipp på datamaskinen. Han set seg tilbake for å lytte. Dette gjentek seg. Lydbølgjene på dataskjermen gir nesten ikkje utslag, og han verkar oppgitt.

Anslaget peikar mot kva som kjem til å hende vidare i filmen. Komponisten forsøkjer å skape eit musikkstykke, men han har problem med å få det til slik han ønskjer. Klipperytmen er langsam og dvelande, som for å streke under at filmen handlar meir om tolmod og konsentrasjon enn om fart og spenning. Musikken som blir brukt, er stemningsskapande og heng nært saman med handlinga i filmen.

Næranalyse av ein filmscene

  1. Sjå gjennom dette klippet frå filmen. I scenen ser vi kva som skjer når komponisten dreg ut i snøen for å fange lyden av eit snøfnugg med verdas kraftigaste digitale lydopptakar.
  2. Gjennomfør ein næranalyse av scenen med utgangspunkt i desse spørsmålsformuleringane:
  • Korleis er musikk og lyd brukt som verkemiddel i dette klippet?
  • Kva er den dramaturgiske oppbygginga i klippet?

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter