Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Analyser kortfilmen SnøChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Analyser kortfilmen Snø

Før du analyserer ein spelefilm i full lengde, kan det vere nyttig å starte med å analysere ein film i eit kortare format. Du skal no sjå og analysere kortfilmen Snø gjennom å følgje tre steg.

Om filmen

Snø er ein norsk kortfilm frå 2013, regissert av Hans Otto Nicolayssen. Filmen handlar om ein komponist som forsøkjer å fange lyden av snøfnugg. Det er skodespelar Helge Jordal som tolkar rolla som komponisten.

Analyser kortfilmen Snø

Omfang: ca. to A4-sider

  1. Sjå først kortfilmen. Legg merke til kva som er spesielt med filmen. Noter gjerne inntrykka dine undervegs, eller rett etter at du er ferdig med å sjå.
  2. Formuler spørsmål og gå i djupna. Sidan dette er ein film utan dialog, bør du leggje vekt på forteljetekniske verkemiddel som for eksempel bruk av lyd, klipp, kamerarørlser og miljøskildringar.
  3. Disponer og skriv analysen.

Eigenvurdering

Diskuter med ein medelev:

  • Kva fekk de ut av analysen?
  • Vart filmen meir eller mindre interessant etter arbeidet med han?
  • Oppdaga de noko uventa med omsyn til bruk av lyd, bruk av biletutsnitt, klipping eller liknande? Fekk de ei ny forståing av filmspråk eller lydarbeid, for eksempel?
  • Korleis kan de bruke filmanalyse som verktøy for å lage betre filmar sjølv?

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter