Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. StoryboardChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Storyboard

Når manuset ditt er ferdig, er tida kommen for å teikne eit storyboard. Storyboard bruker du til å designe og komponere filmen, og til å planleggje filminnspelinga.

Storyboardartist Arne Bye gir ei enkel innføring i storyboard.

Eit storyboard liknar på mange måtar på ein teikneserie. Men skilnaden er likevel stor. I ein teikneserie skiftar ein ikkje nødvendigvis utsnitt eller vinkel mellom kvar rute. Men i eit storyboard er dette eit vesentleg poeng. Kvar biletrute i storyboardet ditt svarer til eit klipp i den ferdige filmen din.

Tre ruteri i et storboard. Illustrasjon.
Eksempel på storyboard av Arne Bye

Storyboardet hjelper alle som er involvert i filminnspelinga til å forstå korleis manuset ditt skal filmast. Ei grundig planlagd biletforteljing hjelper også deg og medarbeidarane dine til ikkie å gløyme å filme noko når de gjer filmopptak.

Design og komposisjon

Storyboardet skaper eit visuelt bilete av korleis filmen kjem til å sjå ut før opptaka byrjar. Storyboarding handlar derfor om design og komposisjon av biletforteljinga. Kunnskap om komposisjonsprinsippa er viktig i utarbeidinga av eit storyboard.

I eit storyboard må du gjere val. Du bestemmer kva utsnitt, vinklar og kamerarørsler du vil at filmen din skal innehalde, før du dreg ut på opptaksstaden. Det er viktig at regissøren og fotografen har ei felles forståing av kva som skal filmast.

Eit storyboard gjer at alle involverte i filmproduksjonen veit kva som skal filmast, og ikkje minst korleis det skal filmast. Tenk også på kva uttrykk karakterane skal ha i scena, kanskje får du illustrert det i ansiktsuttrykket i teikninga di.

I denne filmen ser vi korleis filmskaparane har førebudd seg ved hjelp av heilt enkle teikningar før opptak.

Lag enkle skisser

Du trenger ikkje vere redd for at du må vere flink til å teikne. Eit storyboard skal vere enkelt. Ofte held det i massevis å teikne strekmenn og enkle skisser. Det er lurt å bruke storyboardark når du skal lage storyboardet.

Rute i storyboard. Illustrasjon.
Her ser vi korleis ein kan bruke tekstfeltet til å supplere teikninga. Skriv kva scene det er. I tillegg er det viktig å få fram kva for eit bilete (eller skott) i scena det er snakk om. I dette eksempelet er også kamerarørsle notert.
Rute i storyboard. Illustrasjon.
Dette er framhaldet av kamerarørsla frå førre bilete. Dette blir markert i tekstfeltet som 3.2, altså skott nummer 3 og del 2 av dette skottet
Rute i storyboard. Illustrasjon.
Nytt skott. Legg merke til at teikninga på ein enkel måte også illustrerer ansiktsuttrykket til karakteren.

Her kan du laste ned og skrive ut ein mal til storyboardark:

Storyboardmal 1

Filer

Storyboardmal 2

Filer

I tillegg treng du blyant og viskelêr. I filmen om storyboardartisten Arne Bye såg vi også at han brukte tusjar og penner for å streke over det han hadde skissa opp med blyant. Hugs bodskapen frå Arne; gjer det enkelt, det handlar berre om å bli forstått!

Digitalt storyboard

Det finst fleire måtar å lage eit digitalt storyboard på. Ein enkel måte er å bruke eit stillbiletkamera. I staden for å teikne kvart enkelt bilete kan du ta stillbilete og setje dei saman til eit storyboard. Ikkje gløym å tenkje på komposisjon når du tek bileta. Tenk på kva utsnitt du treng, kva kameravinklar og perspektiv som passar til scena du skal filme.

Det kan vere lurt at opptaksstadene og det vi ser i biletet, er nokså likt det du ser for deg i den ferdige filmen. Aller helst bør du ta bileta der du har planlagd å gjere filmopptaka. Du treng ikkje få med deg skodespelarane til å stå framfor kamera. Det held med at for eksempel regissøren og fotografen saman markerer for skodespelarane.

Celtx har utvikla ein eigen app for iOS og android som gjer det svært enkelt å lage eit digitalt storyboard ved bruk av mobiltelefonen.

I denne videoen blir enkel bruk av Celtx Shots demonstrert.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter