Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Analyse av anslaget til Sin City del 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Analyse av anslaget til Sin City del 2

Sjølv om film noir-filmar ofte har ein litt uoversiktleg struktur, har dei som regel ei klassisk dramaturgisk oppbygging. I anslaget i Sin City blir den dramaturgiske spenningskurva framheva gjennom ulike utsnitt og kameravinklar frå fugleperspektiv til nærbilete.

tegnserierute Sin City
Filmen er basert på teikneserieskapar og co-regissør Frank Miller sin teikneserie med same namn, og fekk Technical Grand Prize for beste visuelle utforming i 2005.

Avstand og nærleik

Vi følgjer møtet mellom den raudkledde kvinna og den framande mannen frå avstand til nærleik, fram til kvinna blir drepen. Sekvensen opnar og sluttar med eit totalbilete. Ettersom forholdet mellom kvinna og mannen utviklar seg, går kamera tettare på.

  • Første bilete er eit totalbilete av kvinna med byen i bakgrunnen.
  • I neste takning er det eit toskot av kvinna i halvnært og mannen i halvtotalt utsnitt.
  • I tredje innstilling (0:33) får vi eit halvnært toskot av begge to.
  • Så følgjer eit nærbilete av to armar der mannen gir henne ein sigarett (0:37).
  • Deretter nok eit toskot med eit halvnært bilete av begge to (0:41).
  • Så kjem ei rekke nærbilete: først av han framanfrå (0:44), så av henne (0:49) som i ei klassisk framstilling av dialog med såkalla shot reverse shot.
  • Vidare (1:08) eit nært reaksjonsbilete der dei grøne augo hennar blir synlege, og ho smiler forførerisk og snur seg.
  • I neste toskot (1:17) står kvinna med ryggen til. Her zoomar kamera sakte inn på dei medan mannen fortel at han har jakta lenge på henne, og forstår at ho treng å sleppe å vere åleine.
  • Så blir det igjen klipt mellom ei rekke nærbilete før vi ser dei omfamne kvarandre i silhuett i svart-kvitt i totalbilete på terrassen (1:50). Her fell regnet som snø, og mannen formidlar gjennom voice-over at det heile blir elektrisk.
  • Nærleiken mellom dei blir tydeleg gjennom eit nærbilete i 30 sekund, der tida blir strekt ut og spenninga og intensiteten blir bygd opp fram mot klimaks eller antiklimaks (frå 1:55 til 2:25).

Dvelande kamerarørsler

Både i film noir og i tysk ekspresjonistisk film var det vanleg med lange takningar med kamerarørsler. Slik er det også her. Kamera tiltar (2:06) oppover slik at nesten heile ansiktet til mannen blir synleg, medan vi berre ser den øvre delen av hovudet til kvinna. Hovudet hennar blir så liggande på skuldra hans. Blikkretninga hennar er trengt opp mot venstre biletkant, medan han har mykje luft i si blikkretning.

Så (2:17) høyrer vi lyden av eit skot, og ho fell mot skuldra hans medan kamera nok ein gong tiltar oppover, og revolveren hans kjem til syne (2:20). Kamera kviler deretter på nærbilete av dei to til det blir avløyst av eit totalbilete i fugleperspektiv der han fortel gjennom voice-over at han heldt henne fast til ho var død. Den raude kjolen kjem tydeleg fram mot det kvite regnet som treffer terrassen. Til slutt (2:37 til 2:47) zoomar kamera ut, og landskapet tek form av bokstavane i Sin City.

Oppsummering

I anslaget til Sin City finn vi mange referansar til film noir i lyssetting, val av musikk, bruk av voice-over, måten karakterane er framstilte på, bruk av dvelande scenar og val av dramaturgi.

Men Sin City følgjer også normer som vi set i samanheng med amerikansk mainstreamfilm. Anslaget har ein klassisk dramaturgi. Sårbarheita til kvinna bryt med rolla som femme fatale. Bruk av moderne grafiske element representerer også eit brot med den klassiske film noir-filmen.

Linn Jeanette Fylkenes har skrive ei masteroppgåve om Sin City:
Sin City: Fra grafisk roman til film

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter