Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Analyse av anslaget til Sin City del 1ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Analyse av anslaget til Sin City del 1

Filmen Sin City er basert på novella The customer is always right av Frank Miller, og handlar om to namnlause karakterar som møtest på ein terrasse med utsikt ut over byen. Filmen bruker mange verkemiddel frå film noir.

Ein neo noir-film

Filmklippet ovanfor er anslaget til filmen Sin City. Anslaget består av ein scene på ca. 3 minutt som utgjer ei eiga historie i filmen.

Sin City bruker mange verkemiddel frå film noir. Film noir blir karakterisert både som ein genre og ein stil, og blir gjerne knytt til USA på 1940-talet. Men mange filmskaparar på 1990-talet har late seg inspirere av film noir, og mange scenar i 90-talsfilmar refererer til denne tradisjonen. Filmar som er prega av slike referansar, blir gjerne kalla neo noir.

Handlinga i film noir-filmar er som regel lagd til ein storby. Filmane skildrar både einsemd, lidenskap og kriminell verksemd. Ein kjent figur i film noir er femme fatale, ei farleg og sensuell kvinne som fører menn i fortaping. Scenebileta er mørke, dystre og til dels depressive. På same måte som eldre film noir-filmar er Sin City primært ein svart-kvitt-film, men enkelte objekt blir framheva ved hjelp av grafisk fargelegging.

Lyssetting, biletutsnitt og fargar

Film noir er primært kjent for ei low-key lyssetting som gir store kontrastar mellom lys og skugge. Ofte kjem hovudlyset frå ei lyskjelde som kastar lange skuggar. Eit spisslys bakfrå framhevar også ofte konturane.

I første bilete i anslaget til Sin City ser vi ei kvinne bakfrå. Ho står på ein terrasse med utsikt over byen (00:15). Skyskraparane er framstilte i grått og svart. Eit gult, varmt lys siv ut frå vindauga. Den venstre sida til kvinna er opplyst, mens høgre side ligg i mørkret. Lyset som fell på den bare skuldra hennar, framhevar kor sårbar ho er.

I neste bilete (0:18) ser vi kvinna framanfrå i halvnært bilete. Ein mann står i mørkret i bakgrunnen, og bak er det store opplyste vindauge og glasflater som kastar lyskjeglar på terrassen. Lyset treff også venstre side av bakhovudet til kvinna, ansiktet og øvre del av høgre skulder. Resten av biletramma er ganske mørk, bortsett frå kjolen som er raud.

Den tredje innstillinga (0:33) er eit toskot som viser begge karakterane i eit halvnært utsnitt. Også her kjem hovudlyset frå venstre. Det lyser opp venstre del av ansiktet til kvinna og bakhovudet til mannen. På same tid framhever spisslyset frå høgre øvre biletdel konturane av kvinna sitt hovud og den venstre ansiktshalvdelen til mannen.

Lys og fargar framhevar kontrastane

Karakterane i film noir-filmar er ofte mystiske og samansette. Dei lever i eit spenningsfelt mellom eit anstendig liv og ei kriminell verksemd. Bilete av ansikt der bare den eine sida er opplyst, har lenge vore eit filmatisk verkemiddel som signaliserer at karakteren har eit samansett sinn og lever eit dobbeltliv.

I toskotet (0:43) fell det varme lyset frå vindauget på venstre side av bakhovudet til mannen og fram til kinnbeinet. Resten er totalt mørklagt, mens høgre side har eit mjukare fyllys. Den mjuke røysta og lidenskapen og omsorga han viser for kvinna, signaliserer varme. Samstundes skyt han henne med kaldt blod.

Den intense raudfarga som kvinna har på kjolen og leppene, er i dei fleste innstillingane i denne sekvensen den einaste farga vi ser på lerretet. Resten av biletramma er framstilt i gråtonar. Raudt blir gjerne forbunde med lidenskap og død. Den raude kjolen framhevar kvinna som ein farleg forførar, kanskje med kriminelle kontaktar. På same tid viser lyset som fell på dei nakne skuldrene hennar, kor sårbar ho er, og også når vi ser angsten i blikket hennar då mannen fortel at han har leita etter henne.

På eit tidspunkt i anslaget seier mannen: «It is your eyes». I same augneblinken blir augo til kvinna grøne, og ho smilar forførerisk og snur seg (1:08). Grønt er komplementærfarga til raudt. Grøne auge forbind vi ofte med katteauge eller rovdyrauge.

Spesielle fargekontrastar, low-key lyssetting, kontrastfylte karakterar og ei tydeleg forteljarstemme er noko som går att i fleire scenar i filmen Sin City.

Sjå klipp frå Nancy Callahans berømte dansescene: Dansescene i Sin City

Farleg og sårbar

Dei grøne augo er lokkande og svoltne på intimitet. Den utfordrande kjolen, sigarettrøykinga og regnet som fell, gjer også at kvinna framstår som sensuelt attraktiv, altså som ei klassisk femme fatale.

Likevel formidlar anslaget eit klassisk kjønnsrollemønster der mannen framstår som den som beskyttar og har kontroll. Kvinna framstår som jaga og sårbar. Mordet kan tolkast som eit leigemord, og rokkar med imaget som femme fatal.

En audiovisuell analyse av anslaget i Sin City: Sin City Audiovisual analysis

Helten i film noir-filmar er ofte ein alkoholisert privatdetektiv som på ingen måte har full kontroll over livet sitt. Forteljarstemma hans er sliten og hes av for mange sigarettar og for mykje whisky. Den mannlege karakteren i anslaget i Sin City opptrer også med ei synleg forteljarstemme (voice-over), men denne røysta er ung, varm, og omsorgsfull. Til likskap med andre film noir-røyster er den akkompagnert av ein einsam saksofon.

Mann med revolver i Sin City
Mannen vi møter i anslaget, framstår som både omsorgsfull og varm, men scenen endar med at han drep kvinna.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter