Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Analyse av dramaserien Halvbroren del 1ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Analyse av dramaserien Halvbroren del 1

TV-serien Halvbroren bygjer på ein roman av Lars Saabye Christensen. Vi følgjer ein familie på Fagerborg i Oslo gjennom fire generasjonar. Barnum veks opp i Oslo i etterkrigstida saman med den eldre halvbroren Fred. Når Fred blir borte, blir Barnum sjølv ein ”halvbror”.


Halvbroren episode 1

Presentasjon

Halvbroren er ein dramaserie i åtte episodar produsert for NRK av Monster Film i 2012. Serien blei vist på NRK1 vinteren 2013. Fjernsynsserien er basert på ein kjent roman med same namn av Lars Saabye Christensen. Mette Marit Bølstad har skrive fjernsynsmanuset til serien, og Per Olav Sørensen har hatt regien.

Plott og miljø

I Halvbroren følgjer vi ein familie på Fagerborg i Oslo gjennom fire generasjonar. Forteljaren er den unge forfattaren Barnum Nilsen. Det store livsprosjektet hans er å finne halvbroren Fred, som på eit tidspunkt forlet familien. Fred er nøkkelen til den tåkelagde familiehistoria.

Forteljinga vekslar stadig mellom fortid og notid. Det meste går føre seg i Oslo i perioden 1945–1980, men vi får også glimt frå den karrige oppveksten til Arnold Nielsen på Røst i Lofoten, dit Barnum til slutt vender attende for å ta eit oppgjer med seg sjølv.

Lars Saabye Christensen gav ut romanen Halvbroren i 1981. Her fortel forfattaren om karakterane i boka:

Karakterane og konfliktane

Barnum veks opp i Oslo i etterkrigstida saman med den eldre halvbroren Fred, guten som blei unnfanga da mora blei valdteken under mystiske omstende på tørkeloftet frigjeringsdagen i 1945. I heimen er det kvinnene som rår, mora Vera, mormora Boletta og oldemora som blir kalla Den Gamle. Familiefedrane er stort sett fråverande. Dei er ukjente eller har forsvunne.

Les meir om desse karakterane: Modige matriarker på Fagerborg

Den Gamle er overhovud i familien, og den som fører familiemyten om den mystiske og fråverande faren vidare når ho les høgt frå Brevet. Brevet skal stamme frå tippoldefaren som forsvann under ein heltemodig ekspedisjon på Grønland.

Så kjem klovnen og kremmaren Arnold inn i familiekrinsen. Arnold vaks opp på Røst, men heilt frå barndomen av har han ført eit omflakkande liv. Han giftar seg med Vera og blir far til Barnum. Arnold kan også kunsten å forstille seg, og han lurer dei fleste, men ikkje Fred. Ved det som tilsynelatande er eit feilrekna diskoskast, tek Fred livet av Arnold. Fred meiner også at han ansvarleg for at Den Gamle blir overkøyrd og døyr.

Fred ber på eit innestengt raseri, men viser omsorg for den kortvaksne veslebroren Barnum og reddar han ut av mange kniper. Samtidig er han misunneleg på den yngre broren, som saman med Arnold konkurrerer om merksemda til mora.

Hovudpersonen Barnum

Halvbroren
I Halvbroren møter vi halvbrørne Fred (t.v.) og Barnum (t.h.).

I dramaserien Halvbroren møter vi mange personar og mange skjebnar. Likevel er det Barnum som framstår som hovudpersonen. Det er han som gjennomgår den største krisa, og som endrar seg mest i løpet av serien. Det er også perspektivet hans vi inntek i mange av scenene i filmen.

Vi følgjer han i notid som ung forfattar i eit turbulent sambuarforhold, og som barn og tenåring gjennom ei rekkje tilbakeblikk. Barnum har eit nært forhold til den eldre halvbroren sin, som han både ser opp til og konkurrerer med. Når Fred blir borte, blir Barnum sjølv ein ”halvbror”. Derfor blir det heilt essensielt for han å finne Fred. Han er den einaste som kan gjere Barnum til et heilt menneske.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter