Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Balanse, gjentaking og linerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Balanse, gjentaking og liner

Ordet komposisjon kjem frå latin og tyder "samanstilling, samansetjing". Fotografen eller biletkunstnaren vel kva han eller ho vil vise oss, og bruker forskjellige verkemiddel for å vekkje interessa vår og styre oppfatninga vår av det vi ser.

erna solberg på stortinget
Eksempel på symmetrisk balanse. Erna Soberg blir lansert som statsministerkandidat før stortingsvalet i 2009 av KRF og Venstre. Korleis ville du komponert eit slikt bilete med bakgrunn i den politiske situasjonen i Noreg i dag?

Balanse

Med balanse meiner vi fordelinga av dei enkelte elementa på biletflata.

Når alle elementa står midtstilte under kvarandre, har vi ein symmetrisk balanse. Vi kan brette arket på midten, og dei to halvdelane vil vere (nesten) som spegelbilete av kvarandre. Symmetrisk balanse skaper ei kjensle av noko klassisk og litt høgtideleg. Men han verkar også statisk (stilleståande) og kan opplevast som keisam.

Dei modernistiske stilretningane som oppstod etter første verdskrigen, brukte asymmetri (det som ikkje er symmetrisk) for å spegle farta i det moderne samfunnet. Med asymmetrisk design kan du uttrykkje alt frå roleg harmoni til energi som sprengjer alle rammer.

Det gylne snitt

Det gylne snittet er ei spesiell form for asymmetrisk balanse. Det gylne snitt er eigentleg eit matematisk omgrep, men som tommelfingerregel kan vi seie at dersom vi deler opp ei firkanta flate i tre like delar både vassrett og loddrett, vil delelinjene liggje omtrent i det gylne snittet. Dei beste fokuspunkta finn vi der linjene kryssar kvarandre, og det er der kunstnaren gjerne plasserer viktige element.

Gjentaking

Gjentaking er eit anna verkemiddel som skaper harmoni og heilskap i biletet. Kunstnaren kan for eksempel gjenta småmotiv og detaljar.

Liner

Retninga på linene i eit bilete er med på å skape uttrykket.

  • Vassrette liner skaper ro og djupn i biletet, slik som for eksempel i fotografiet ovanfor.
  • Loddrette liner gir eit inntrykk av høgd, kraft og verdigheit.
  • Skråliner skaper spenning og rørsle.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter