Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Fargar som verkemiddelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fargar som verkemiddel

Fargar fangar merksemda vår, vekkjer kjensler, framkallar minne og skapar stemningar. Fargar kan vere en del av komposisjonen i eit bilete, men òg ha ei eigen symbolsk tyding.

Fargerik veske mot en kald, blå bakgrunn. Foto.
Kontrastar fangar merksemda vår. Kva fortel dette biletet?

Varme og kalde fargar

Ittens fargesirkel viser komplementærfargene. Illustrasjon.
Ittens fargesirkel

Det finst ulike måtar å dele inn og beskrive fargar på. Den sveitsiske målaren og kunstpedagogoen Johannes Itten (1888–1967) har skapt ei fargelære som framleis er godt kjend og mykje brukt. Itten plasserte fargane i ein fargesirkel. Inst i fargesirkelen finn vi grunnfargane (primærfargane) raudt, blått og gult. Vi kan blande fram dei fleste andre fargane ved hjelp av dei.

Fargane i venstre halvdel av fargesirkelen kallar vi gjerne for kalde fargar, mens fargane i høgre halvdel av fargesirkelen blir kalla varme fargar. Kalde fargar assosierer vi gjerne med kulde, klårleik og avstand. Varme fargar understeker varme og nærleik.

Kontrastar

Kontrastar fangar gjerne merksemda vår og tydeleggjer bodskapen i eit bilete. Den sterkaste kontrasten får vi når vi stiller opp dei tre grunnfargane mot kvarandre. Også komplementærfargar (fargar som står overfor kvarandre i fargesirkelen) gir ein tydeleg kontrastverknad. Kald–varm-kontrast får vi når vi stiller opp kalde og varme fargar mot kvarandre. Lys–mørk-kontrast er ein annan type kontrast som ofte blir brukt.

Å kommunisere ved hjelp av fargar

Dei fleste av oss har ein yndlingsfarge som vi likar spesielt godt. Men kva eigenskapar fargane har, oppfattar vi forbausande likt. Vi assosierer fargar med varme og kulde, med tyngde og lettheit, med ro eller aktivitet. Nettopp fordi vi har denne felles oppfatninga, denne innebygde tolkinga som er programmert i undermedvitet vårt, kan og bør vi bruke fargane som eit effektivt kommunikasjonsmiddel.

Idium, eit mediebyrå som blant anna leverer tenester innan digital marknadsføring, har laga eit oversyn over dei mest brukte fargane for bedrifter og kva vi assosierer fargane med. Blå viser seg å vere den mest brukte fargen blant store merke i verda. På andreplass finn vi raud, og på tredjeplass er svart/grå-skalaen. På fjerdeplass dukkar gult opp.

Reklameannonse for Lerum eplemost. Illustrasjon.
Reklameannonse for Lerum eplemost. Kva for fargar er brukte her? Kvifor er nettopp desse fargane valde?
  • Blå er påliteleg, truverdig, sikker og ansvarleg. Det er ein populær farge blant firma innan: teknologi, helse, omsorg, finans, energi, jordbruk og flyselskap.
  • Raud er aggressiv, energisk, provoserande og fangar merksemda vår. Det er ein populær farge innan industriar som: mat, teknologi, bilar og jordbruk.
  • Svart er prestisje, verdi, tidlaus og sofistikert. Fargen blir brukt i industriar som: teknologi, bilar og klede.
  • Gul er positivitet, lys, varme, motivasjon og kreativitet. Han er mykje brukt innan industriar som: mat, energi og hushald.
  • Lilla er kongeleg, sofistikert, nostalgisk, mystisk og spirituell. Han er populær innan felt som: teknologi, helse, omsorg og finans.
  • Grøn er rikdom, helse, prestisje og ro. Han er populær innan industriar som: mat, teknologi, finans, energi og hushald.
  • Oransje er vitalitet, moro, sprudlande og leiken. Han er ein populær farge innan: teknologi og helse.
  • Brun er jordnær, naturleg, enkel og haldbar. Han er populær innan felt som: klede, bilar og jordbruk.
  • Kvit er rein, uskyldig, nobel og mjuk. Han blir mykje brukt i industriar som: klede og helse.

Kjelde: Idium: Bedre nettsider med riktige farger

Fargesymbolikk

Fargar kan ha symbolsk tyding, og nokre gonger utnyttar fotografen eller mediegrafikaren denne funksjonen. Men kva ein farge tyder, kan variere frå kultur til kultur. I vår kultur blir fargen gul ofte assosiert med falskheit, medan han står for truskap i Aust-Asia. Derfor er det viktig å tenkje nøye over kven som er den primære målgruppa vi kommuniserer med.

Fargar kan dessuan ha fleire tydingar. Raudt kan for eksempel symbolisere både kjærleik, varme, fare og revolusjon. Svart er ofte symbol for død og sorg. Kvitt symboliserer også sorg, men i tillegg reinheit. Blått er evigheitas farge. Frå gamalt av var fargen purpur reservert for kongen eller keisaren. (Kjelde: Store norske leksikon)

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter