Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. Heltar og antiheltar i teikneseriehefteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Heltar og antiheltar i teikneseriehefte

Vi kan dele teikneseriar inn i to hovudgrupper: humorseriar og spenningsseriar. Dei fleste teikneseriehefta har faste heltar eller gjennomgangsfigurar. Tidlegare var teikneseriar om superheltar svært populære.

Spenningsserien Tarzan

Det er 100 år sidan Edgar Rice Burroughs fekk publisert sitt første Tarzan-eventyr; «Tarzan of the Apes». I 1912 stod historia i oktoberutgåva av det amerikanske «pulp fiction»-magasinet The All-Story. To år seinare kom ho i bokform. Burroughs skreiv til saman 25 Tarzan-bøker – og éi som han ikkje vart ferdig med før han døydde i 1950.

I USA vart Tarzan teikneserie i 1929, sju år før Fantomet og ni år før Supermann. I Noreg hadde Tarzan-tegneseriane storheitstida si frå 1960-talet og fram til 1980-talet. Forteljingane om apekongen gjorde også suksess i amerikansk radio og i fleire TV-seriar. Hittil er det laga rundt 90 Tarzan-filmar. Den første kom allereie i 1918.

Magasinforside der Tarzan redden en kvinne. Faksimile.
Tarzan julehefte frå 2000

Superhelten Tarzan

I den første forteljinga møter vi foreldra til Tarzan, som døyr eitt år etter at Tarzan blir fødd i jungelen. Han får ei ny mor, ein ape i ei oppdikta apeslekt. Han blir ein dyktig jeger og bogeskyttar. Etter kvart tek han over plassen som konge for apane. I jungelen møter han Jane, som han blir forelska i. Og han får vite at det eigentlege namnet hans er John Clayton, som har arva tittelen Earl Greystoke og eit engelsk gods.

I dag er Tarzan ein av dei mest kjende litterære karakterane i verda. Han er prototypen på ein helteskikkelse, og forløparen til superheltane. Det kan kanskje forklarast med at Burroughs skapte ei ekstrem utgåve av ein heltefigur. Tarzan har eit heroisk mot, ein overmenneskeleg styrke, ein atletisk kropp og ein vakker utsjånad med langt, svart hår. Han er intelligent, rådsnar, viljesterk, praktisk, høfleg, lojal, sjenerøs, sjølvsikker og alltid trufast mot si kjære Jane.

Tarzan kan utvilsamt sjåast som eit symbol på ein som vernar naturen og dyrelivet. Han vart jo oppdregen til å innsjå verdien av naturen, og slo hardt ned på dei som prøvde å øydeleggje han. Samtidig kan han jo sjåast som eit kvitt overmenneske som meistra jungelen, det villaste av det ville. Han var eit produkt av si tid, då folk hadde eit mindre nyansert syn enn i dag på Afrika og menneska som budde der.

Aniheltar

Tidlegare var teikneseriar om superheltar svært populære. Men helteeigenskapane endrar seg i takt med resten av samfunnet. I dag finst det også teikneseriar der hovudpersonane er antiheltar. Aniheltane manglar ofte alle dei typiske kvalitetane som superheltane har – dei er engstelege, naive, lite pene, og skaper ofte fleire problem enn dei løyser. Altså er dei ganske lik dei fleste av oss. Superskurken er også ein slags antihelt. Superskurken har ofte spesielle evner og krefter, men bruker desse i teneste for det vonde.

Julehefte

I Noreg er jul synonymt med julehefte. I over 100 år har julehefta sett preg på høgtida. Kvart år kjøper vi opp mot halvannan million julehefte, og utvalet blir stadig større. Hefta er omkring 70 i talet, og hovudpersonane er alt frå actionheltar til norske klassikarar og moderne kvardagsheltar – og antiheltar.

«Knoll og Tott» kom til Noreg som første julehefte i 1911. Sidan har fleire nye hefte kome til, frå både utland og innland. Dei siste 15 åra er det særleg mange norske serieskaparar som har kome på bana også i juleform.

Men nokre norske hefte har stått i julehyllene i eit par mannsaldrar allereie. Mellom dei er «Vangsgutane» og «Ingeniør Knut Berg», med tradisjonar tilbake til 1940, skriv NRK. «Vangsgutane» vart ein suksess mellom anna fordi serien fortalde om norske forhold og livet på bygdene, trur forlagsredaktør Roald Waktskjold i Fonna Forlag.

Vangsgutane julehefte
Vangsgutane er ein klassisk, norsk teikneeserie skriven av Leif Halse. Serien vart først gitt ut som ein serie i vekebladet «Nynorsk Vekeblad» frå 1940 til 1954. Han har også kome ut som julehefte i mange år.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter