Ein samansett tekst er ein kombinasjon av fleire ulike uttrykksmåtar. Musikkvideoen til dømes kombinerer bilete, dans, musikk og ord. Dei forskjellige uttrykksmåtane verkar saman og dannar ein heilskap.

"Tekst" er meir enn skrivne ord
Når vi høyrer omgrepet tekst, tenkjer vi gjerne på ord som er skrivne ned. Men vi kan også bruke andre og fleire uttrykksmåtar enn ord og skrift i tekstar, til dømes tale, kroppsspråk, fotografi, teikningar, typografi og musikk. Dei forskjellige uttrykksmåtane verkar saman og dannar ein heilskap. Det er litt på same måten som når vi lagar ein matrett: Den ferdige retten er meir enn summen av ingrediensane.
Vi finn samansette tekstar i alle slags medium. I bøker, aviser og andre papirmedium kan ein samansett tekst bestå av tekst, bilete og typografiske verkemiddel. I elektroniske medium kan tekstane i tillegg innehalde lyd og levande bilete. Samansette tekstar kan vere
Også ein presentasjon av eit prosjekt i klasserommet kan vere ein samansett tekst. Vi kan til dømes spele musikk gjennom ein høgtalar mens vi snakkar og kommenterer bilete som blir viste på ein skjerm i bakgrunnen.
Dei aller fleste tekstane vi bruker, er samansette. Nokre gonger kan alle uttrykksmåtane i ein tekst vere like viktige, andre gonger dominerer éin bestemt uttrykksmåte, mens andre lettare kan unnverast. Ein spelefilm kan ikkje fungere utan bilete, og knapt nok utan replikkar eller musikk. Ei rekning frå eit firma derimot har i utgangspunktet same rettskraft uansett om det står ein firmalogo på rekninga eller ikkje.
Læringsressursar
Samansette tekstar
Læringssti
Forteljeteknikk i teikneseriar
KjernestoffForteljeteknikk i bilete
KjernestoffFilmanalyse i tre steg
KjernestoffNæranalyse av anslaget til Sin City
KjernestoffAnalyse av TV-serien Halvbroren
Kjernestoff
Fagstoff
Kvifor er tekstane samansette?
KjernestoffSamspel mellom uttrykksmåtar
KjernestoffTeikneseriar
KjernestoffBobler og effektlydar i teikneseriar
KjernestoffHeltar og antiheltar i teikneseriehefte
KjernestoffFire typar biletutsnitt
KjernestoffKameravinklar
KjernestoffFargar som verkemiddel
KjernestoffBalanse, gjentaking og liner
KjernestoffBiletet som medietekst
KjernestoffBilete i bruk
KjernestoffFilmanalyse i tre steg
KjernestoffKva og kvifor i filmanalysen
KjernestoffFilmordliste
KjernestoffForteljarperspektiv i film
KjernestoffAnalyse av anslaget til Sin City del 1
KjernestoffAnalyse av anslaget til Sin City del 2
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Analyse av dramaserien Halvbroren del 1
KjernestoffAnalyse av dramaserien Halvbroren del 2
KjernestoffOppgåver om samansette tekstar
KjernestoffOppgåver om samspel mellom uttrykksmåtar
KjernestoffOppgåve om bobler og effektlydar
KjernestoffAnalyse av ei teikneseriestripe
KjernestoffSuperheltar i teikeseriar
KjernestoffSmeden og bakaren som teikneserie
KjernestoffKjenn att utsnitt, kameravinklar og linjer
KjernestoffEin flik av røyndomen
KjernestoffBarnet og gribben
KjernestoffTest deg sjølv i filmanalyse
KjernestoffAnalyser kortfilmen Snø
KjernestoffNæranalyse av scene frå kortfilmen Snø
KjernestoffTeikn eit storyboard
KjernestoffHalvbroren – analyseoppgåver
KjernestoffHalvbroren frå bok til film
Kjernestoff