Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Kva meinte Ivar Aasen om det norske skriftspråket?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva meinte Ivar Aasen om det norske skriftspråket?

Norsk skriftspråk har gjennomgått store endringar sidan 1836. Gjennom å jobbe med teksten til Ivar Aasen kan du få noko hjelp til å forstå kva han handlar om og kva som var utgangspunktet arbeidet hans for å lage eit norsk skriftspråk.

Ivar Aasen grafitti

Oppgåve

Les den relaterte teksten Om vort Skriftsprog og svar på spørsmåla:

  1. Kva er det Aasen meiner er "en Nations fornemste Kjendemærke"?
  2. Kor, og på kva for språk, tok nordmenn høgre utdanning på Aasen si tid?
  3. Aasen meiner at "Skulde vi synde i Et af To", det vil seie velje mellom svensk eller dansk skriftspråk, burde vi velje det svenske. Korleis grunngir han dette?
  4. Kva for haldning meiner Aasen at danskskrivande nordmenn har til "Folkesproget"?
  5. Kor er det Aasen meiner at nasjonalspråket vårt "opbevaredes og dyrkedes", sjølv om dansk har dominert?
  6. Kven er det Aasen omtaler som "Sprogets Redningsmand"?
  7. "Man vil indvende, at en Sprogreformation er Noget, der ei bør foretages paa eengang, men henstilles til Tiden og til Aarhundredets Virkning. Men dette anseer jeg som mindre gjældende i en Stat, som Lykken paa eengang gjorde fri og selvstændig", skriv Aasen. Korleis underbyggjer han dette synspunktet?
  8. Kva meiner Aasen bør vere grunnlaget for det norske "folkespråket"?
  9. Aasen avsluttar med eit forslag til vidare arbeid. Kva for fellestrekk finn du mellom forslaget hans og det arbeidet han sjølv utførte for å skape landsmålet – det som nå heiter nynorsk?

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.