Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ein eigen nasjon bør ha eit eige språk

Den nye, norske nasjonen måtte ha eit norsk språk. Men korleis skulle ein utforme dette språket? Skulle ein ta utgangspunkt i det danske skriftspråket, det gamle, norrøne skriftspråket, eller i det norske talemålet?

Norsk språkreformasjon. Fotokollasje.

Ein nasjon bør ha eit eige språk

Johann Gottfried von Herder meinte at ein bør danne ein nasjon på bakgrunn av at folket har felles språk, kultur og tradisjonar. Dette var tankar som fann grobotn i Noreg og vart sentrale for nasjonsbyggingsprosjektet.

I 1814 var skriftspråket i Noreg dansk. Den norske grunnlova vart derfor skriven på eit språk som ikkje var vårt eige. Kampen for eit eige norsk skriftspråk stod sentralt i "det norske prosjektet".

Gradvis fornying

Det var fleire som engasjerte seg i debatten om norsk språk. I 1835 vart artikkelen "Om norsk sprogreformation" av Henrik Wergeland publisert. Her, og i andre tekstar, argumenterer han for ei gradvis fornorsking av dansk språk, særleg gjennom bruk av særnorske ord og uttrykk. Wergeland brukte sjølv norske ord og uttrykk i eigne tekstar. Også Asbjørnsen og Moe fornya og fornorska det dansk-norske skriftspråket.

Om norsk sprogreformation

0:00
Om norsk sprogreformation

Eller tenkje heilt nytt?

Andre meinte at eit norsk skriftspråk burde verte etablert som noko heilt nytt og uavhengig av det danske skriftspråket. Historikaren P.A. Munch (1810–1863) kom med framlegg om at ein skulle ta utgangspunkt i ein norsk dialekt, ein av dei "reinaste". Denne dialekten skulle ein systematisk samanhalde med norrønt, og på det viset rekonstruere og konstruere eit skriftspråk.

Portrett av P A Munch. Foto.
P.A. Munch meinte at eit nytt norsk skriftspråk burde ta utgangspunkt i ein norsk dialekt, men at ein måtte samanhalde han med det gamle, norrøne skriftspråket.

Ivar Aasen (1813–1896) følgde delvis denne linja, men han tok i større grad utgangspunkt i det levande språket vi hadde, nemleg dialektane. Han tok element frå fleire dialektar og fann fellestrekk mellom dei. Men også han tok utgangspunkt i språktrekk som ein kan føre tilbake til norrønt. Arbeidet hans resulterte i det skriftspråket vi i dag kallar nynorsk.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.