Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om moderne norsk i endring

Oppsummeringsspørsmål om anglifisering og norsk språkpolitikk i dag.

Bokstavkjeks som former det engelske ordet love. Foto.

Oppgåve 1

Norsk språkpolitikk

  1. Språket er i stadig utvikling. Kva er det som påverkar denne utviklinga?
  2. Kvifor er det norske språket ekstra utsett for språkleg påverknad utanfrå?
  3. Nemn nokre viktige stortingsvedtak som regulerer språkforholda i Noreg.
  4. Kva er dei fem viktigaste målsetjingane for norsk språkpolitikk i åra framover?
  5. Er du einig i at desse målsetjingane er viktige? Skriv ein kort kommentar.
  6. Kva er eit språkråd?
  7. Kva for språkråd har vi i Noreg, og kva er oppgåvene til desse språkråda?

Oppgåve 2

Globalisering og anglifisering

  1. Forklar kva vi meiner med globalisering.
  2. Kva kan globalisering føre til?
  3. Kva ligg i omgrepet anglifisering?
  4. Kva er domenetap?
  5. På 1800-talet blei det viktig å ta i bruk det norske språket på alle samfunnsområda. Kvifor?
  6. Gi nokre eksempel på kvifor engelsk har erobra ein viktig plass i norsk høgare utdanning.
  7. Nemn nokre andre område der engelsk språk dominerer.
  8. Kvifor er stortingsmelding 35 oppteken av å behalde norsk som eit samfunnsberande språk i Noreg?
  9. Kvifor har vi i dag parallelle norske og engelske fagterminologiar for oljesektoren?
  10. Gi nokre eksempel på slike faguttrykk frå oljespråket.

Oppgåve 3

For og imot språkleg purisme

  1. Kva tyder ordet purisme i språksamanheng?
  2. Folk på Island har ei heilt anna innstilling til det å låne ord frå andre språk enn folk i Danmark. Forklar forskjellen.
  3. Kva er a) eit importord, b) eit avløysarord?
  4. Kva for ei haldning har norske styresmakter til bruk av lånord i norsk?
  5. Ein kan argumentere både for og mot språkleg purisme. Nemn eit viktig argument for, og eit argument mot.

Oppgåve 4

Språkdød

  1. Finst det ein reell risiko for at det norske språket vil døy ut i nær framtid?
  2. Vi har frå gammalt av fleire minoritetsspråk i Noreg. Nokre av dei ser ut til å klare seg bra, andre ikkje. Forklar kort.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.