Språket står ikkje stille. Det utviklar seg i takt med samfunnet rundt oss og avspeglar nye måtar å tenkje på og nye måtar å produsere på. I dag vert mange språk anglifiserte. Det betyr at dei tek opp i seg mange engelske ord og uttrykk.
Globalisering og anglifisering
I dag er det mykje kontakt mellom menneske som bur i ulike delar av verda. Ungdommar i New York, Singapore, Amman og Bergen følgjer med på dei same TV-seriane og høyrer på same musikk. I den rike delen av verda legg folk gjerne ferien til fjerne reisemål. I den fattige delen av verda må menneske ofte søkje opphald i eit framandt land på grunn på av krig, naud og naturkatastrofar.
Multinasjonale bedrifter har avdelingar i mange land, og mange land, deriblant Noreg, har eit stadig aukande behov for å importere arbeidskraft. Eit fellesomgrep for denne samansette utviklinga er globalisering.
Globaliseringa fører til at grensene mellom ulike språk og kulturar delvis vert viska ut, og at det oppstår nye språk- og kulturformer som tek opp i seg element frå fleire folkegrupper.
Engelsk er det dominerande språket i mellom anna underhaldnings- og dataindustri. Som ein konsekvens av denne situasjonen, verte mange språk anglifiserte, det vil seie at dei tek opp i seg mange engelske ord og uttrykk.
Kleskjeda Hennes & Mauritz skriv SALE når dei skal reklamere for salet sitt. Det fekk Språkrådet til å reagere:
Domenetap
Ordet domene betyr område. Vi bruker omgrepet domenetap når eit språk gradvis vert trengt til side av eit anna språk innanfor eit samfunnsområde.
Makt- og demokratiutgreiinga (1998–2003) peikar på kva som skjer når eit samfunn mister språket sitt og overtek eit dominerande framandspråk. Det framande språket speglar ikkje av den eigne kulturen i samfunnet og fungerer derfor dårleg for språkbrukarane. Nyansar og assosiasjonar går tapt, språket vert rett og slett fattigare, og språkbrukarane er kulturelt underlegne i generasjonar. Det er derfor stortingsmelding 35 er oppteken av å halde på norsk som eit samfunnsberande språk i Noreg.
Oljespråket i Nordsjøen er i dag eit blandingsspråk der både norsk og engelsk er i bruk. Ordlister, skilt og handbøker finst både på norsk og på engelsk. Oljebransjen er derfor eit døme på eit domene der to parallelle språk lever side om side.
Blir språket rikare eller forderva?
Puristane er opptekne av å halde språket reint for påverknad frå andre språk. For å nå dette målet jaktar ein på avløysarord som kan erstatte framandorda i språket.
Motstandarane av språkleg purisme hevdar at språket vert rikare når kulturar møtest og smeltar saman. Vi får fleire ord som kan fylle det vi tenkjer og føler, og kanskje vil nye ord også føre til at vi tenkjer nye tankar?
Til fordjuping
Lytte på innslaget frå NRK-programmet Ekko (28 min): Er det greit med lånespråk?
Læringsressursar
Språkhistorie og språkpolitikk
Læringssti
Eigen nasjon – eige språk
Kjernestoff
Fagstoff
Frå norrønt til moderne norsk
KjernestoffSpråkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet
KjernestoffEin eigen nasjon bør ha eit eige språk
KjernestoffIvar Aasen og landsmålet
KjernestoffKnud Knudsen og riksmålet
Kjernestoff- Kjernestoff
Moderne norsk i endringDu er her
Samiske språk
KjernestoffKvensk språk
KjernestoffSpråk- og litteraturhistorisk tidslinje
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Norrønt språk og moderne norsk
KjernestoffSpråket i mellomnorsk tid
KjernestoffSpråksynet til Wergeland
KjernestoffIvar Aasen og Knud Knudsen
KjernestoffRollespel om språkdebatten på 1800-talet
KjernestoffOppgåver om norsk språkpolitikk etter 1960
KjernestoffOppgåver om moderne norsk i endring
KjernestoffFramtida for samiske språk i Noreg
KjernestoffKva rettar bør språklege minoritetar ha?
KjernestoffTemaoppgåve: Språk og demokrati
KjernestoffSvar på ei eksamensoppgåve
Kjernestoff
Kildemateriale
Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.