Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Norrønt språk og moderne norskChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Norrønt språk og moderne norsk

Oppgåver om skriftteikn, språklydar, grammatikk og setningsbygnad i norrønt og moderne norsk.

Vikingskip i sollys. Illustrasjon.

Oppgåve 1: Uttale

Korleis blei orda og lydane nedanfor uttalte på norrønt? Og korleis uttaler vi lydane som er framheva, i moderne norsk?

  • Gísli, geit, garðr
  • hvítr, hringr
  • kærleikr, kirkja, kviða (= dikt)
  • Ragnarr
  • hersir (= høvding)
  • vegr
  • øx
  • veizla (= hjelp)
  • þórr (= Tor)
  • óðal (= odel)
  • falla
  • hafa
  • kona
  • ull
  • gráta
  • dróttning
  • Úlfr
  • kaupa
  • Eyvindr

Oppgåve 2: Bokstavteikn

  1. Det finst ein bokstav i norrønt som ikkje står på lista ovanfor. Bokstaven er ikkje i bruk lenger i dag. Kva bokstav er dette?
  2. Moderne norsk har eit bokstavteikn som ikke fanst i norrønt. Kva for ein bokstav er dette?
  3. Fanst det stumme bokstavar i norrønt? Finst stumme bokstavar i moderne norsk?
  4. Korleis er lange vokalar markerte i norrønt?

Oppgåve 3: Les og set om

Prøv å lese desse tre ordtaka høgt, og set dei om til moderne norsk:

  • Sjaldan getr sofandi maðr sigr.
  • Allir eldar brenna út um siðr.
  • Þat er hræddr maðr sem ekki þorir at skjalfa.

Oppgåve 4: Setningsbygnad og kasus

  1. Moderne norsk har langt fastare setningsbygnad enn norrønt. Kva er årsaka til dette?
  2. Kva er eit kasussystem?
  3. Kva vil det seie at preposisjonane styrte ulike kasus i norrønt?
  4. Gi eksempel på faste preposisjonsuttrykk i moderne norsk, der vi ser restar av kasusbøying.
  5. Norrønt hadde eit omfattande bøyingssystem. Adjektiv, bestemmarord, verb, substantiv og pronomen ble bøygde. Vis gjennom eksempel at desse ordklassane har (noko) bøying også i moderne norsk.
  6. Kva er samsvarsbøying? Har vi samsvarsbøying i moderne norsk?
  7. Kva for setningsledd stod i nominativ, akkusativ respektive dativ i norrønt?
  8. Kva blei genitiv brukt til i norrønt?
  9. Sjå på setningane nedanfor. Kven slår kven? Markér subjekt og objekt i dei to setningane på moderne norsk.
    Olav slår Helga.Helga slår Olav.
    Óláfr slær Helgu.Helga slær Óláf.
    Helgu slær Óláfr.Óláf slær Helga.
  10. Kva er subjektsformene av namna Helga og Olav i norrønt, og kva er objektsformene?
  11. Kvifor var rekkjefølgja av setningsledda ikkje så viktig for ein norrøn språkbrukar?
  12. Kva for setnngsledd står til vanleg først i setninga i moderne norsk - subjektet eller objektet?
  13. Kvifor må vi vere nøye med denne rekkjefølgja i moderne norsk?

Oppgåve 5: Verbbøying

  1. Gi nokre eksempel på tidsbøying i moderne norsk.
  2. I norrønt hadde verba person- og talbøying i tillegg til tidsbøying. Kva for setningsledd retta verbet seg etter i person og tal?
  3. Kjenner du nokre moderne språk der verbet også har person- og talbøying?

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.