1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Ivar Aasen og landsmåletChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ivar Aasen og landsmålet

Ivar Aasen skapte eit nytt norsk skriftspråk, landsmålet, med utgangspunkt i norsk talemål og språktrekk som ein kunne føre attende til norrønt. Han tok element frå fleire dialektar og fann fellestrekk mellom dei. Landsmålet vart utgangspunkt for det vi i dag kallar nynorsk.

Portrett av Ivar Aasen. Maleri.
Ivar Aasen måla av Rolf Groven i 1985. Biletet blei kjøpt av 17 sunnmørskommunar som gåve til Det Norske Teater då nybygget var ferdig i 1985.

Oppvekst og utdanning

Ivar Aasen (1813–1896) voks opp på eit småbruk i Ørsta på Sunnmøre. Som ung gut viser Aasen uvanleg gode evner, og allereie i 18-årsalderen vert han omgangsskulelærar i heimbygda. Seinare får han tilbod om universitetsutdanning, men vel i staden å studere på eiga hand.

Aasen opplever det som sårande at samfunnseliten ser ned på bondekulturen og bondespråket. Han vil ikkje gløyme kvar han kjem frå, men heller arbeide for å styrkje den kulturelle og språklege sjølvtilliten til bondestanden.

Aasen og språkdebatten i 1830-åra

Det offisielle skriftspråket på 1800-talet er framleis dansk, og embetsstanden snakkar eit forfina dansk-norsk. Folk elles snakkar norske dialektar om lag som dei gjer i dag. Avstanden mellom skrift og tale er stor for dei aller fleste.

Språkdebatten i 1830-åra handlar om korleis ein kan skape eit nasjonalt skriftspråk i Noreg. Historikaren og språkforskaren Peter Andreas Munch vil skape eit skriftspråk basert på dei dialektane som best tek vare på det norrøne systemet. Men han tenkjer seg at eit slikt språk skal vere eit vitskapleg studieobjekt. Han kan ikkje sjå for seg noko reelt alternativ til dansk skriftspråk med det første.

Ivar Aasen ønskjer seg også eit heilt nytt skriftspråk som byggjer på dei norske bygdedialektane. Men Aasen vil ikkje skape noko museumsspråk. Han ønskjer seg eit skriftspråk som set heile folket i stand til å ta del i samfunnslivet.

Dialekt- og ordsamlar

I 1841 dreg Aasen til Bergen og kjem i kontakt med biskop Jacob Neumann. Biskopen er særleg interessert i sunnmørsgrammatikken som Aasen har laga, og hjelper han med å få eit stipend frå Videnskabs-Selskabet i Trondheim. Aasen får no i oppdrag å granske det norske folkemålet.

Kart over reisene til Ivar Aasen og fotografi av Aasebn. Kollasje.
Ivar Aasen reiste land og strand rundt for å skaffe seg ei oversikt over talemålet i ulike landsdelar. Han besøkte alle fylke med unntak av Finnmark.

I fire år, frå 1842 til 1846, reiser Aasen rundt i landet og studerer bygdemåla. Bymåla og dialektane på Sør-Austlandet unngår han fordi han meiner dei er for mykje oppblanda med dansk. Materialet han får samla inn, utgjer grunnlaget for to vitskaplege verk, Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Heilt fram til 1868 er Aasen nesten kvart år på språkreiser, gjerne til stader han ikkje har vore før. Til saman reiser han meir enn 400 mil og er innom alle fylka bortsett frå Finnmark.

Om landsmålet til Ivar Aasen

Videoen er henta frå ein programserie som NRK laga i 1996 om Ivar Aasen og landsmålet. Du kan sjå programma i full lengde her:

Grammatikk og ordbok for det nye landsmålet

Det norske Folkesprogs Grammatik er det første store vitskaplege verket til Aasen. Med denne boka får han sitt offentlege gjennombrot som språkforskar. Grammatikken forklarer lydverk, bøying, ordlaging og syntaks i dei ulike norske dialektane. To år seinare, i 1850, gir Aasen ut Ordbog over det norske Folkesprog. Boka har rundt 25 000 oppslagsord og er den første ordboka over norsk talemål som byggjer på systematisk innsamla materiale.

Ordbøker og grammatikkar er oftast normative (føreskrivande), det vil seie at dei fortel kva som er rett stavemåte, bøying, setningsbygnad osv. i eit skriftspråk. Dei to bøkene til Aasen er derimot først og fremst deskriptive (forklarande). Dei fortel kva folk faktisk seier.

Landsmålet tek form

Med utgangspunkt i dei to bøkene tek han fatt på arbeidet med å skape eit landsmål – eit skriftspråk for heile landet som byggjer på dei norske dialektane. Han arbeider blant anna etter desse prinsippa:

  • Fellestrekk skal komme fram
    Skriftspråket skal synleggjere det felles systemet i dialektane så langt råd er.
  • Gammalt framfor nytt
    Dersom det finst fleire former, vel han den forma som ligg nærast norrønt. Han bruker også den norrøne forma som rettesnor når han skal lage ei skriftform av eit ord der ingen av dialektformene er noko opplagt val.
  • Norsk framfor utanlandsk
    Aasen er purist, det vil seie språkreinsar. Han vil ha eit språk med færrast mogleg utanlandske innslag. Mellom anna avviser han dei såkalla an-be-heit-else-orda.
  • Fast norm
    Aasen vil ha ei fast norm for landsmålet sitt. Han meiner at alle må gi avkall på nokre av dialektformene sine for å få til ei klar skriftspråksnorm.

I 1853 lanserer Aasen eit forslag til ny skriftspråksnormal i boka Prøver av Landsmaalet i Norge. Seinare omarbeider han både grammatikken og ordboka. I Norsk Grammatik, som kjem ut i 1864, har han teke med sitt eige utkast til skriftspråksnormal og gjer grundig greie for vala sine.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.