Knud Knudsen (1812–1895) er kjend for arbeidet sitt med å fornorske det danske skriftspråket. Han vert rekna som far til riksmålet som i 1929 fekk det offisielle namnet bokmål.

Lærar og språkmann
Knud Knudsen kom frå Holt ved Tvedestrand og voks opp i enkle kår. Far hans var husmann og omgangsskulelærar. Knudsen tok seminareksamen (lærarprøva) i 1828 og vart tilsett som lærar i heimbygda. Seinare studerte han filologiske fag ved Universitetet i Kristiania, der han tok filologisk embetseksamen i 1840. Han vart adjunkt ved latinskulen i Drammen og seinare overlærar ved katedralskulen i Kristiania.
Som lærar og pedagog såg Knud Knudsen kor viktig det var for elevane å få eit skriftspråk som var betre tilpassa til norsk daglegtale enn det danske skriftspråket dei måtte lære seg. I tillegg var Knudsen ein pådrivar i arbeidet med å utvikle latinskulen til ein meir allmenndannande skule. Etter hans syn burde modersmålsfaget stå sentralt, med vekt på norsk språk, litteratur og kultur.
Fornorskingslinja
Knud Knudsen hadde det same målet for auget som Ivar Aasen, nemleg eit sjølvstendig norsk skriftspråk. Men i motsetnad til Aasen ville Knudsen gå «Gradvishetens Vej, ikke Bråhastens». Han såg ei gradvis fornorsking av det danske skriftspråket som den beste løysinga. Her var han på linje med Henrik Wergeland.
I første omgang ville han ta utgangspunkt i den såkalla danna daglegtalen og bruke denne talemålsvarianten som rettesnor for fornorskinga av skriftspråket. Knudsen karakteriserte danna daglegtale som «den almindeligste Udtale af Ordene i de Dannedes Mund». Dette var talemålet til borgarskapen i byane rundt om i landet. Den danna daglegtalen var påverka av dansk, men Knudsen syntest det var ein fordel å ta utgangspunkt i eit talemål som ikkje var knytt til nokon konkret landsdel.
Det ortofone prinsippet
Ein grunntanke hos Knudsen var at skrivemåten skulle spegle av uttalen. Kvar bokstav skulle stå for berre éin språklyd, og ingen bokstavar skulle vere stumme. Dette kallar vi det ortofone (lydrette) prinsippet. Knudsen ville derfor
- endre b, d og g til p, t og k i ord som tabe, mad og pige, i samsvar med talemålet i det meste av landet
- fjerne stum e i ord som faae, staae
- forenkle lange vokalar som been til ben og huus til hus
- erstatte bokstaven c(h) med k i lånord som consul og charakteer
- erstatte ph med f i lånord frå gresk, slik at ein skulle skrive filosof og ikkje philosoph
- innføre kortformer av verb som dra og ta for drage og tage
Kritisk til framandord
Knudsen var i grunnen meir oppteken av ordtilfang enn av grammatikk og lydlære. Han var purist og sterkt imot ein ukritisk bruk av framandord i norsk. Han meinte framandorda gjorde det vanskelegare for folk å skaffe seg kunnskap. Aller helst burde vi bruke norske avløysarord, meinte han, men der det var naturleg å bruke framandord eller lånord, måtte dei ha ein norsk skrivemåte. I dag fører Språkrådet vidare det arbeidet som Knud Knudsen sette i gang med å finne gode norske avløysarord.
1907-reforma
Knudsen fekk mykje kritikk for fornorskingsprosjektet sitt i samtida. Både dei danskvennlege og forkjemparane for landsmålet meinte at han heldt på å skape eit blandingsmål som verken var dansk eller norsk, og han fekk berre gjennomslag for nokre få av framlegga sine mens han levde.
Først i 1907, tolv år etter at Knud Knudsen var død, kom ei ny rettskriving der dei avgjerande prinsippa frå arbeidet hans låg til grunn. Etter 1907-reforma kunne riksmålet endeleg oppfattast som meir norsk enn dansk.
I 1929 vedtok Stortinget at riksmål skulle få nemninga bokmål, og at landsmål skulle endre namn til nynorsk.
Læringsressursar
Språkhistorie og språkpolitikk
Læringssti
Eigen nasjon – eige språk
Kjernestoff
Fagstoff
Frå norrønt til moderne norsk
KjernestoffSpråkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet
KjernestoffEin eigen nasjon bør ha eit eige språk
KjernestoffIvar Aasen og landsmålet
Kjernestoff- Kjernestoff
Knud Knudsen og riksmåletDu er her
Moderne norsk i endring
KjernestoffSamiske språk
KjernestoffKvensk språk
KjernestoffSpråk- og litteraturhistorisk tidslinje
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Norrønt språk og moderne norsk
KjernestoffSpråket i mellomnorsk tid
KjernestoffSpråksynet til Wergeland
KjernestoffIvar Aasen og Knud Knudsen
KjernestoffRollespel om språkdebatten på 1800-talet
KjernestoffOppgåver om norsk språkpolitikk etter 1960
KjernestoffOppgåver om moderne norsk i endring
KjernestoffFramtida for samiske språk i Noreg
KjernestoffKva rettar bør språklege minoritetar ha?
KjernestoffTemaoppgåve: Språk og demokrati
KjernestoffSvar på ei eksamensoppgåve
Kjernestoff
Kildemateriale
Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.