Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om norsk språkpolitikk etter 1960

Tilhøva for minoritetsspråklege har stått sentralt i norsk språkpolitikk etter 1960. Kva problemstillingar synest du er viktigast i dag?

Internatskolen for Flyttsame-barn i 1950.
Samiske barn blir undervist i norsk på internatskulen for flyttsamebarn i 1950.

Oppgåver

Les fagteksten Språkdebatt og språkpolitikk frå 1960 til i dag, og svar på spørsmåla.

  1. Forklar desse omgrepa:
    • nasjonalspråk
    • morsmål
    • minoritetsspråk
    • framandspråk
  2. Kva for prinsipp vert slegne fast i stortingsmelding 35, Mål og meining (2007–2008)
  3. Kvifor vedtok Stortinget i 1863 å "fornorske" samar og kvenar?
  4. Les artikkelen Samisk og kvensk i Norge etter 1905. Kva for konsekvensar fekk fornorskingsvedtaket for desse minoritetsgruppene?
  5. Kor mange språkråd har vi i Noreg i dag, og kva for oppgåver har dei?

Oppgåve 2

  1. Kva spørsmål synest du burde stå sentralt i den språkpolitiske debatten i Noreg i dag? Skriv ned tre problemstillingar, og grunngi kort kvifor du meiner desse tre problemstillingane er viktige.
  2. Gå deretter saman i grupper på fire til seks elevar, og samanlikn det de har skrive. Kva for problemstilling synest gruppemedlemmane er den mest interessante? Kva meiner de i gruppa om denne problemstillinga?
  3. Presenter og diskuter denne problemstillinga med dei andre elevane i klassen.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.