Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Lag ein reportasje om folkeaksjonen mot samnorskChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Lag ein reportasje om folkeaksjonen mot samnorsk

I denne oppgåva skal du sette deg inn i debatten om samnorsk og lage ein reportasje frå folkeaksjonen mot samnorsk med utgangspunkt i to videoklipp.

Research

Sjå videoinnslaget frå Åpen videregående på NRK Skole. Les fagteksten Språkdebatt og språkpolitikk frå 1900 til 1960.

Svar på spørsmåla:

  1. Når oppstod ideen om at bokmål og nynorsk burde nærme seg kvarandre?
  2. Kva for prinsipp blei lagde til grunn for tilnærmingsformene?
  3. Korleis reagerte enkelte på dette prinsippet?
  4. Når vart ideen om samnorsk endeleg skrinlagd?

Lag ein reportasje

Sjå videoklippet om samnorsk og sett deg inn i emnet Modernisme og realisme.

  • Tenk deg at du er reporter. Du skal lage ein kort reportasje frå ein demonstrasjon mot samnorsk.
  • Reportasjen skal også innehalde eit intervju med forfattaren Arnulf Øverland og med ein av foreldra som deltek i foreldreaksjonen mot samnorsk.
  • Du kan velje om du vil lage ein radioreportasje eller ein avisreportasje. Det kjem an på kva for teknisk utstyr du har tilgang til.
  • Dersom du vel å lage ein avisreportasje, kan du bruke historiske bilete som du finn på Internett til å illustrere teksten. Hugs å lage bilettekstar, tittel, mellomtitlar og ingress.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.