Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skriveoppgåver til språkhistoria på 1800-talet

Skrive på tastatur

Oppgåve 1: Skriv eit lesarinnlegg

Skriv eit lesarinnlegg der du gir uttrykk for synet ditt på om det er viktig eller ikkje å ha eit skriftspråk som ligg tett opp til talemålet ditt.

Eit lesarinnlegg er ei meiningsytring om ei sak der målet er å skape debatt eller overtyde lesaren om at synet ditt er det rette eller mest fornuftige.

Les opp innlegget ditt for klassen og samanlikn med kva dei andre har skrive om saka.

Oppgåve 2: Skriv ein artikkel

Skriv ein artikkel der du viser kva språkarbeidet til Ivar Aasen og Knud Knudsen på 1800-talet hadde å seie for utviklinga av eit moderne norsk demokrati.

Oppgåve 3: Lag eit portrettintervju

Les om Ivar Aasen eller Knud Knudsen.

Lag eit portrettintervju der du både intervjuar personen og skildrar arbeidet han har gjort.

Føremålet med eit portrettintervju er at lesarane skal verte litt betre kjende med personen dei les om, og sakene han er oppteken av. Intervjuet bør også vere underhaldande og skape engasjement. Språket i eit portrettintervju er ofte forteljande og stemningsskapande. Du kan gjerne bruke skjønnlitterære verkemiddel i teksten.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.