Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet

I den norske offentlegheita på 1800-talet var det ein aktiv og frisk språkdebatt. Høgre støtta fornorskingslinja til Knud Knudsen, medan Venstre omfamna arbeidet til Ivar Aasen.

Ivar Aasen og andre kjendisar og politikere anno 1895
Ivar Aasen og andre kjendisar og politikarar anno 1895

Språk, identitet og sjølvkjensle

Språkhistoria handlar ikkje først og fremst om språkreformer og bøyingsendringar. Språk er nemleg ikkje berre bokstavar på eit ark. Språk handlar om identitet og sjølvkjensle. Språk handlar også om demokrati – retten til å verte høyrd, retten til å ha ei stemme som tel i samfunnet.

I den norske offentlegheita på 1800-talet var det ein aktiv og frisk språkdebatt. Det var til tider steile frontar mellom byfolk og bygdefolk, mellom dei som ville halde på den tette kontakten med Danmark, og dei som ville reindyrke det genuint norske. Til tider vart ordskiftet ufint og usakleg. Det viser at på 1800-talet var spørsmålet om språk også eit spørsmål om identitet og sjølvkjensle – nett som det er i dag.

Høgre mot Venstre i språkpolitikken

Språkdebatt og språkpolitikk er på mange måtar to sider av same sak. Den offentlege debatten er ofte knytt til politiske ambisjonar – ønske om innverknad og medbestemming. I den norske språkdebatten på slutten av 1800-talet sto partia Høgre og Venstre på kvar si side. Høgre støtta fornorskingslinja til Knud Knudsen, medan Venstre omfamna arbeidet til Ivar Aasen.

Ivar Aasen og landsmålet

Sunnmøringen Ivar Aasen ville tufte eit nytt norsk skriftspråk på det norske talemålet. På dei mange reisene sine rundt om i landet fekk han folk til å fortelje historier på eige talemål. Han lytta til kva ord dei brukte, korleis dei bøygde orda, og korleis dei forma setningane sine. Slik oppdaga han at det var mange fellestrekk i dei norske dialektane, og det er desse fellestrekka han skriv ned.

Ottar Grepstad, som har skrive ein biografi om Ivar Aasen, har sagt: "Ivar Aasen skapte ikkje eit språk, han laga ikkje eit språk. Han fann eit språk." Dette var eit språk som kunne brukast til å gi ei røyst til mange nordmenn som til no hadde få moglegheiter til å verte høyrde. Før Aasen hadde fylt 40 år hadde han klart å lage både ei ordbok og ei grammatikkbok over det norske folkespråket – eit stort livsverk var oppfylt i ung alder.

Det demokratiske motivet

For Ivar Aasen var ikkje språk berre eit spørsmål om endingar og grammatikk, det var mest av alt eit spørsmål om demokrati. I eit demokrati har alle rett til å verte høyrde og til å delta – då må ein òg ha eit språk å uttrykkje seg på.

Eliten i Noreg skreiv dansk og la talemålet sitt så nært opp til dansk som mogleg – dei snakka noko ein kallar "danna daglegtale". Aasen meinte at det var denne eliten som måtte endre skriftspråket sitt – dei var trass alt i mindretal. I eit demokrati må ein ta omsyn til fleirtalet – og den store majoriteten i Noreg var bønder med eit talemål langt frå dansk. Det var dette språket, folkespråket, som måtte danne grunnlaget for skriftspråket til den nye nasjonen Noreg.

Det sosiale og pedagogiske motivet

Eit eige norsk språk var òg viktig for å jamne ut sosiale skilnader i landet. Avstanden mellom eliten i byane og folk flest på landet var enorm. Ein nøkkel for å jamne ut desse skilnadene var ein betre skule. Mange ungar lærte nemleg aldri å skrive eller lese – dei fekk få timar på skulebenken, og når dei først var der, opplevde dei at bokstavane og språket i lærebøkene var fjernt for dei. Kva tydde eigentleg "dreng" og "bange"?

For å verte rekna som myndig på 1800-talet måtte ein verte konfirmert, og for å verte konfirmert måtte ein kunne lese og gjere greie for kva som stod i Bibelen. Å lese vart derfor sjølve inngangsbilletten til samfunnet, men for mange vart dette for vanskeleg. På 1800-talet var det mange analfabetar i Noreg. At ein i Noreg skreiv dansk, var derfor eit stort pedagogisk problem.

Det nasjonale motivet

Dei pedagogiske, sosiale og demokratiske motiva til Aasen er alle nært knytte til tankar frå opplysningstida på 1700-talet. For at eit samfunn skulle verte betre og kunne utvikle seg, var det viktig at folket fekk utdanning og opplysning. Eit anna motiv for Aasen var meir tufta på tankar frå nasjonalromantikken: nemleg at ein sjølvstendig nasjon måtte ha sitt eige språk, eit språk som er typisk for den nasjonale folkeånda. Dette vert kalla for det nasjonale motivet til Aasen.

Knud Knudsen og fornorskingsprinsippet

Knud Knudsen var lærar ved Oslo katedralskule. Også han såg dagleg korleis elevane strevde med det danske skriftspråket. Men Knudsen meinte at løysinga til Aasen var for radikal. Han ønskte eit norsk skriftspråk tufta på ei gradvis fornorsking av dansk.

Knudsen ville ta utgangspunkt i den danna daglegtalen – talemålet til eliten i byane – og gjere dette om til eit skriftspråk. Han fekk gjennomslag for desse tankane, og fleire reformer på byrjinga av 1900-talet førte det danske skriftspråket gradvis nærmare den danna daglegtalen og gjorde språket meir norsk. Knudsen vert derfor rekna som far til det vi i dag kjenner som bokmål.

Viktige språkhistoriske årstal

Filer

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.