Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Temaoppgåve: Språk og demokratiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Temaoppgåve: Språk og demokrati

Tenk deg at du er språkforskar med ansvar for å utvikle eit felles skriftspråk i den unge, demokratiske staten Zimbabwe i 1980. Kva for språk vel du?

Jublende folkemengde i Harare

Utgangspunktet for denne oppgåva

Kart over hvor Zimbabwe ligger
Zimbabwe er eit afrikansk land som grensar til Sør-Afrika i sør og til Mosambique i aust.

Frå midten av 1990-talet arbeidde forskarar ved Universitetet i Harare tett saman med mellom anna Universitetet i Oslo. Dei zimbabwiske språkforskarane ønskte å vite meir om korleis mellom anna Ivar Aasen gjekk fram då han lanserte landsmålet, nynorsken. Zimbabwarane ønskte å utvikle eit eige skriftspråk tufta på afrikansk talemål, ikkje det engelske. Dei såg demokratiske, nasjonale, sosiale og pedagogiske problem med at talemål og skriftspråk låg så langt frå kvarandre.

Les meir om prosjektet:

Året er 1980. Du er i Zimbabwe, Afrika, eit land som sidan 1888 har vore under britisk styre. Britane utnytta dei rike naturressursane i landet, dei styrte samfunnet – skule, kyrkje og statleg administrasjon; alt var kontrollert av britane, og språket dei brukte, var engelsk. Utdanning og arbeid i staten var berre meint for britar og ein lokal elite i byane. Majoriteten av befolkninga bur på landsbygda. Dei er bønder, og dei fleste av dei er analfabetar – dei kan ikkje skrive eller lese.

Året er 1980. Zimbabwe vert ein sjølvstendig nasjon, dei er frie frå dei britiske koloniherrane. Arbeidet med å skape ein zimbabwisk nasjon startar. Landet vert republikk under president Robert Mugabe. Dei får eige parlament, eigen valuta, eigen nasjonalsong og eigen nasjonaldag – 18. april. Dei skriv ned lover og reglar og arbeider med korleis viktige institusjonar som skule, domstol og helsevesen skal vere. Men så reiser det seg eit spørsmål: Kva språk skal vi bruke til å skrive ned desse reglane og lovene?

Året er 1980. Zimbabwe har 11,5 millionar innbyggjarar – 2 millionar av dei bur i hovudstaden Harare. 1 % av innbyggjarane er kvite – av britisk opphav. Elles består landet av to store etniske grupper: shona, som er 82 % av folket, og ndebele som er dei siste 14 % av innbyggjarane. Ingen av desse gruppene har engelsk som talemål – dei snakkar eit afrikansk talemål. I tillegg finst det meir enn ti minoritetar, mange av dei busette dels i Zimbabwe, dels i eit granneland.

Året et 1980. Zimbabwe er i endring. Dei skal byggje ein demokratisk nasjon, dei skal ikkje lenger vere underlagde ein framand minoritet. Dei skal skrive lover og starte utdanning av eiga befolkning. Zimbabwe treng eit skriftspråk. Kva kan dei gjere?

Oppgåve 1

Zimbabwe kan velje mellom desse alternativa:

  • behalde engelsk som skriftspråk
  • lage eit skriftspråk basert på talemålet til shona-gruppa
  • lage eit skriftspråk basert på talemålet til ndebele-gruppa
  • både behalde engelsk som skriftspråk og lage eit skriftspråk basert på dei lokale talemåla

Skriv ned fordelar og ulemper med dei ulike alternativa.

Oppgåve 2

Svar på spørsmåla:

  1. Kva har val av skriftspråk å seie for nasjonalkjensla?
  2. Kva språk kan vere lettast å lære for folk flest i landet?
  3. Kvifor er val av språk viktig i eit demokrati?
  4. Kva kan språk ha å seie for sosiale skilnader i landet?
  5. Kva er mest praktisk? Behalde eit språk som allereie finst? Lage eit heilt nytt skriftspråk? Eller både behalde engelsk og lage eit skriftspråk basert på dei lokale talemåla? Kva for ulemper og fordelar ser du med dei ulike alternativa?

Oppgåve 3

Hald ein appell og velj strategi

  • Kva språk synest du Zimbabwe skal velje? Er det nødvendig å velje berre eitt?
  • Førebu ein munnleg appell som du skal halde for klassen din. I appellen skal du overtyde dei andre om at alternativet du har valt, er rett.
  • Etter at alle har halde appellane sine, held klassen ei avrøysting om kva for språk Zimbabwe bør velje. Tel opp røystene og sjå kva alternativ som vann.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.