Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkdebatt og språkpolitikk frå 1960 til i dag

Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn. Språkpolitikk handlar derfor ikkje lenger berre om forholdet mellom bokmål og nynorsk, men også om den retten minoritetsfolk har til eige språk.

Ronny Brede Aase med innsjø i bakgrunnen. Foto.
Programleiar i NRK P3, Ronny Brede Aase, er oppteken av språkleg diskriminering.

Språkfreden vert utfordra

I perioden 1960 til 2000 levde dei to norske målformene fredeleg side om side. Først i dei aller siste åra har forslag om å fjerne sidemålsundervisninga i skulen sett fart på debatten igjen. Fleire politiske parti ønskjer no å fjerne sidemål som obligatorisk undervisningsfag.

Bokmål er i dag den heilt klart dominerande målforma i Noreg, sjølv om nynorsk framleis har ein sterk posisjon på Vestlandet. I offentleg forvaltning vert det kravd at dei tilsette meistrar begge målformer. Styresmaktene har også klare retningslinjer for kor mykje av offentleg kommunikasjon og publikasjonar som skal vere på bokmål og nynorsk. I NRK er det krav om 25 % nynorsk skrift og normert tale.

Hausten 2018 tok den kjente NRK P3-profilen Ronny Brede Aase eit oppgjer med russeservicebransjen som kravde ekstra betaling frå russ som ønskte å ha teksten på russekortet sitt på nynorsk. Nynorsk skal ikkje vere eit tilval ein må betale ekstra for, meinte han.

P3-Ronny: – Dei bryr seg ikkje om nynorsk. Det er provoserande for meg

I dette spørsmålet har han støtte i den stortingsmeldinga som regjeringa Stoltenberg la fram i 2009.

Språkpolitikk i eit fleirkulturelt samfunn

I Stortingsmelding 35 , Mål og meining (2007-2008), trekte regjeringa Stoltenberg opp dei viktigaste målsettingane for norsk språkpolitikk i åra som kjem:

  • Norsk skal vere hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg.
  • Norsk skal vere eit samfunnsberande og fullverdig språk.
  • Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk vert meir reelt jamstilt med bokmål.
  • Det offentlege skal leggje vekt på å bruke eit korrekt og forståeleg språk.
  • Alle skal ha rett til språk. Med dette meiner ein rett til nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til å kunne lære seg framande språk.

Reell jamstilling

Fleire norske aviser krev at alle journalistar skal skrive bokmål. Dei ønskjer ikkje å bruke meir enn eitt skriftspråk i avisa. Bokmål er nærast einerådande på område som populærkultur, økonomi og teknologi. Nynorsk står derfor i dag i fare for å verte utradert som språk på mange viktige samfunnsområde. Dette er bakgrunnen for at Stortingsmelding 35 seier at det skal leggjast til rette for at nynorsk vert meir reelt jamstilt med bokmål.

I 2009 kravde Senterpartiet at alle norske aviser som får pressestøtte, må gi rom for artiklar på nynorsk.

Språklege rettar for minoritetane

Minoritetsspråka samisk og kvensk har lenge vore under press frå det norske storsamfunnet. I 1863 vedtok Stortinget at samar og kvener skulle "fornorskast". Grunngivinga var at ein ville nedkjempe "en fremmed, for ikke at sige en fiendtlig Nationalitet inden dette Land ...". I sin iver etter å byggje den norske nasjonen kom ein altså til å trampe på språket, kulturen og dei demokratiske rettane til minoritetsgruppene i Noreg.

– Språket bærer alle minnene. Det er minnenes bank. Hvis morsmålet ditt forsvinner, vil dine barnebarn og oldebarn glemme deg fordi de ikke lenger kan lese hva du har skrevet.

Vigdís Finnbogadóttir

Flerspråklig skilt. Foto.
Skilt med kommunenamn på tre offisielle språk: norsk, samisk og kvensk.

Samar og kvener har ført ein lang kamp for å få språka sine anerkjende som morsmål på linje med norsk. I dag er det offisiell norsk politikk å støtte opp under desse minoritetsspråka. Det nordsamiske språket ser ut til å klare seg bra. Men det er færre og færre som brukar kvensk og sørsamisk som førstespråk. Desse språka står i dag i fare for å døy ut.

Samisk og kvensk i Norge etter 1905

Oppgåvene til språkråda

I Noreg er Språkrådet staten sitt fagorgan i spørsmål som gjeld utviklinga av det norske språket. Språkrådet har ansvaret for språksituasjonen for alle norske borgarar, også for dei som har samisk, kvensk eller annan minoritetsspråkleg bakgrunn.

Samisk språkråd er eit rådgivande organ for Sametinget og andre offentlege organ i spørsmål om samisk språk. Kvensk språkråd er eit rådgivande organ, som i første omgang skal lage retningslinjene for eit nytt kvensk skriftspråk basert på forskjellige kvenske dialektar.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.