1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Språkdebatt og språkpolitikk frå 1900 til 1960ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkdebatt og språkpolitikk frå 1900 til 1960

Språkpolitikken er ein viktig del av kulturpolitikken i eit demokratisk samfunn. Men også dei haldningane vi som enkeltpersonar har til språket vårt, og som vi gir uttrykk for i måten vi snakkar og skriv på, er med på å prege språkutviklinga.

Dei norske skriftspråka vert jamstilte

I 1885 vedtok Stortinget at "... det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog".

Dette vedtaket vert kalla jamstillingsvedtaket og førte til at det dansk-norske skriftspråket og landsmålet til Ivar Aasen vart jamstilte skriftspråk. Begge skriftspråka skulle no brukast i statsadministrasjonen. Derfor vart det i 1907 vedteke at norske elevar skulle lære å lese og skrive begge målformer.

Draumen om eit samnorsk språk

Eigentleg ønskte alle at Noreg på sikt berre skulle ha eitt norsk skriftspråk. I første halvdelen av 1900-talet handla derfor språkpolitikken i Noreg om korleis ein kunne få dei to målformene til å nærme seg kvarandre.

I 1907 vart mange danske former erstatta med norske i det som då vart kalla "riksmålet". I 1917 vedtok Stortinget ei reform som gjaldt begge målformene. Skrivenormene vart då fastare og meir konsekvente. Men på same tid fekk mange ord valfrie skrivemåtar som var like både på riksmål og landsmål. I 1929 vart det vedteke at landsmålet frå då av skulle heite nynorsk. Riksmålet fekk namnet bokmål.

På 30-talet hadde Arbeidarpartiet regjeringsmakt i Noreg. Dei hadde eit klart mål med språkarbeidet: Gjennom språkreformer skulle bokmål og nynorsk smelte saman til ei felles målform – samnorsk.

Men den samnorske språkreforma som vart vedteken i 1938, møtte sterk motstand, særleg mellom riksmålsforkjemparane. Etter 2. verdskrigen vart derfor målsettinga om eitt felles skriftspråk tona ned.

Forfattaren Arnulf Øverland var ein av mange som kjempa mot samnorsk:

Språket i NRK

Språkdebattene på 1950- og 1960-talet dreide seg ofte om kva for språknorm medarbeidarane i NRK skulle følgje. I 1962 vart statsmeteorolog Sigurd Smebye fjerna frå stillinga si som vêrmeldar i NRK fordi han insisterte på å lese vêrmeldingane på riksmål og ikkje på bokmål.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.