Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå norrønt til moderne norsk

Det norske språket høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Men språket har endra seg mykje frå norrøn tid og fram til i dag.

Mann studerer stein med runer. Foto.
Inskripsjonar på runesteinar og runepinnar fortel om språket i Noreg i norrøn tid. Her studerer førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Terje Spurkland, ein runestein frå Tune i Østfold.

Norsk – eit indoeuropeisk språk

Det norske språket høyrer til den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Språkforskarane meiner at språka i denne språkfamilien har utvikla seg frå eit felles indoeuropeisk grunnspråkn. Det finst fleire teoriar om når og kvar det indoeuropeiske urspråket vart talt. Mange meiner at dei opphavlege indoeuropearane budde i eit steppeområde nord og aust for Svartehavet minst 3 500 år f.Kr.

Vi har ingen skriftlege kjelder som viser korleis dette indoeuropeiske språket såg ut, men språkforskarane har prøvd å rekonstruere det ved å undersøkje og samanlikne både levande og døde språk i den indoeuropeiske språkfamilien.

Dersom du klikkar på språktreet, kan du sjå og høyre andre språk enn norsk som òg høyrer til den germanske greina av indoeuropeisk:

Urnordisk – den tidlegaste forma for nordisk språk

Den tidlegaste forma for nordisk språk kallar vi urnordisk. Dette språket finn vi bevart i korte runeinnskrifter, dei eldste frå ca. 200 e.Kr. Typisk for urnordisk var mellom anna at orda var lange, vokalrike og klangfulle, med langt fleire stavingar enn i moderne norsk:

urnordisk HarabanaR > moderne norsk Ravn

urnordisk Stainawarijar > moderne norsk Steinar

Frå urnordisk til norrønt

Mellom 500 og 700 e.Kr. forandrar det urnordiske språket seg kraftig. Desse to hundreåra dannar overgangen frå den urnordiske til den norrøne språkperioden, som varer til ca. 1350 e.Kr. Språket som vert talt i Noreg og på Island i denne perioden, kallar vi norrønt. Forskjellane mellom norrønt, gammaldansk og gammalsvensk er framleis små.

Vikingtid og gammalnorsk tid

Eldre norrøn tid, eller vikingtida, varer frå ca. 750 til ca. 1050 e.Kr. Perioden frå rundt 1050 til 1350 kallar ein yngre norrøn tid eller gammalnorsk tid. Dei eldste døma på norrønt språk finn vi i runeinnskrifter og skaldekvad som vart til på 800- og 900-talet. Frå yngre norrøn tid finst det mange litterære kjelder.

Aust og vest skil lag

Den viktigaste språkendringa i vikingtida er den såkalla monoftongeringa. Ein monoftong er det same som ein enkeltvokal, og med monoftongering meiner vi ei språkendring der ein diftong – ein "tvilyd" som er sett saman av to vokalar – går over til å verte ein enkeltvokal.

I Danmark, Sverige og Østerdalen vert diftongane ei, au og øy monoftongerte eller forenka: ei vert til e, au vert til ø, øy vert til ø.

ei > e stein > sten, bein > ben

au > ø graut > grøt, grød, naud > nød

øy > ø øy > ø, høyre > høre

I resten av Noreg, på Island og på Færøyane derimot held folk fram med å bruke diftongar. Monoftongeringa skjer på 900-talet, og ho er årsaka til at vestlendingar den dag i dag seier draum og køyre, medan austlendingen seier drøm og kjøre. Med utgangspunkt i monoftongeringa deler vi dei nordiske språka inn i vestnordisk (norrønt, islandsk og færøysk) og austnordisk (svensk og dansk).

Ny tru og nytt skriftsystem

I perioden 900–1000 e.Kr. vert Noreg samla til eitt rike. Felles lovverk, felles forsvar og ein ny felles religion, kristendommen, bind riket saman. Med kristendommen kjem det skrivekyndige folk til Noreg. Dei skriv først på latin og bruker det latinske alfabetet. På den måten kjem det mange greske og latinske ord inn i det norrøne språket. Etter kvart vert også norrønt teke i bruk som skriftspråk.

I denne videoen høyrer du norrønt slik ein trur det vart uttalt mot slutten av 1100-talet. I rollene som både far og son møter du språkvitar Arne Torp!

Import og eksport av ord

Vikingane reiste over store område og vart kjende med mange framande språk – frå nærskylde som (gammal)frisisk og gammalengelsk til svært framande som arabisk og tyrkisk. Dei tok med seg framande lånord heim, men eksporterte samtidig norrøne ord til andre europeiske språk, til dømes engelsk.

Det norrøne ordet klædi er eit frisisk låneord.

Det engelske ordet window kjem av det norrøne ordet vindauga.

Fra 1200-talet og utover fekk stadig fleire lågtyske ord plass i det norrøne språket. Dei som "lånte bort" orda, var hanseatane, kjøpmenn frå nordtyske byar som samarbeidde om å tryggje skipa, varene og interessene sine, og som dreiv utstrekt handelsverksemd også i Noreg.

På 1400-talet er mykje av særpreget ved det norrøne språket på veg ut. Då som no liker den eldre generasjonen dårleg at dei unge slurvar med uttalen!

Døme på språket i Noreg på 1400-talet.

Frå bøyingsspråk til ordstillingsspråk

Moderne norsk er eit ordstillingsspråk, det vil seie at det først og fremst er plasseringa orda får i setninga, som viser kva funksjon dei har. I norrønt er ordstillinga mykje friare, og orda står ofte plasserte på ein måte som verkar overraskande for ein moderne lesar.

I moderne norsk plasserer vi setningsledda til vanleg i rekkjefølgja subjekt – verbal – objekt. I norrønt kan setningsledd plasserast på fleire måtar:

"Gísli elskar Aud " og " Aud elskar Gísli " = Gisle elsker Aud

"Audr elskar Gísla" og "Gísla elskar Audr" = Aud elsker Gisle

Men for ein norrøn språkbrukar var ikkje dette noko problem. Kasusbøying og verbbøying sørgde for at ein alltid visste kva for ord som høyrde saman, og kva som var subjekt og objekt i setninga.

Døme

Gaf Sigrídr dróttning honum gullhring miklan

Ordrett omsetjing:
Gav Sigrid dronning han gullring stor.
= Dronning Sigrid gav han ein stor gullring.

Eit særtrekk ved det norrøne språket er at mange ordklassar kan bøyast, det vil seie at orda får lagt til bestemde endingar. Det er endingane som avgjer kva setningsledd vi har med å gjere. Substantiv, adjektiv, personlege pronomen, bestemmarord og verb er døme på ordklassar som kan bøyast.

I moderne norsk finn vi framleis restar av denne ordbøyinga. Vi bøyer til dømes substantiv i eintal og fleirtal, og vi bøyer verb i tid. Men i norrønt vert verba i tillegg bøygde i person og tal. Då er det subjektet som styrer kva form verbet skal stå i.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.