Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
  4. Samiske språkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samiske språk

Dei samiske språka høyrer til den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien. Samisk har røtene sine tilbake til rundt 1500 år f.Kr. og blir brukt av samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Ei utsett språkgruppe

Alle dei samiske språka står i dag på UNESCO si liste over trua språk i verda. Den harde fornorskingspolitikken som norske myndigheiter førte overfor samane frå midten av 1800-talet og fram til andre verdskrig, må ta mykje av skulda for språksituasjonen i dag.

Skuleverket spelte ei viktig rolle i fornorskingspolitikken. I 1878 vedtok Stortinget at lærarane skulle bruke barna sitt eige talemål mest mogleg i undervisninga. Tanken bak dette vedtaket var å gjere vegen til kunnskap lettare for barna. Men denne omtanken gjaldt berre for norskspråklege barn; undervisninga av samiske og kvenske barn skulle gå føre seg på norsk. Den samiske kulturen vart sett på som lågareståande; barna skulle verte norske.

I første del av perioden 1905 til 1940 vart det bygd 50 store internatskular i Finnmark. Ein tredjedel av alle elevane i fylket måtte bu på internat, og det gjerne heilt frå sjuårsalderen. Dei samiske og kvenske elevane som budde der, fekk ikkje lov å bruke morsmålet sitt i det heile teke, og all undervisning gjekk føre seg på norsk. Med eit slikt utgangspunkt er det nok ikkje rart at mange av barna lærte lite, og at ein del av dei også fekk psykiske problem. Ein annan konsekvens av skulepolitikken var at mange samiske foreldre etter kvart slutta å snakke samisk med barna sine, dei prøvde å skjule den samiske bakgrunnen sin fordi han vart oppfatta som noko negativt.

Etter andre verdskrigen byrja synet på språklege og etniske minoritetar å endre seg både i Noreg og i verda elles, men endringsprosessen tok tid. Først i 1959 opna statlege myndigheiter igjen for at samisk kunne brukast i undervisninga, og ikkje før i 1985 kom det eit tillegg i grunnskulelova som sikra barn i samiske distrikt retten til undervisning i eller på samisk på barnetrinnet. Barna kunne no også velje samisk som fag på ungdomstrinnet.

Samelova

I 1987 vedtok Stortinget Samelova, og i 1990 ratifiserte Noreg som første land i verda ILO-konvensjonen om urfolk sine rettar. Samane er anerkjende som urfolk i Noreg, men førebels ikkje i Sverige, Finland og Russland.

Samelova skal sikre at samane i Noreg får moglegheit til å utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt. Samelova seier at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei er likestilte i forvaltingsområdet for samisk språk. Dette forvaltingsområdet omfattar i dag kommunane Kautokeino, Karasjok, Tana, Nesseby og Porsanger i Finnmark, Kåfjord og Lavangen i Troms, Tysfjord og Hattfjelldal i Nordland og Snåsa, Røyrvik og Røros i Trøndelag. Dei fire nordlegaste fylkeskommunane er også omfatta av forvaltingsområdet.

I praksis betyr denne likestillinga av samisk og norsk språk for eksempel at ein har rett til opplæring i samisk. Barnehagetilbodet til samiske barn skal byggje på samisk språk og kultur, og den samiske læreplanen – Kunnskapsløftet-Samisk – skal brukast i skulen. I møte med det offentlege har ein rett til svar på samisk, og offentlege kunngjeringar, reglar og skjema skal finnast både på samisk og på norsk. Formålet med desse og ei rekkje andre tiltak er å styrkje det samiske språket i forvaltingsområdet.

Samiske språk i Noreg i dag

I Noreg er det i dag tre samiske språk som framleis er i bruk: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på barn som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk i grunnskulen har gått litt tilbake dei siste ti åra, og nedgangen gjeld hovudsakleg nordsamisk. I vidaregåande skule har talet på elevar som vel samisk auka noko, men aukinga gjeld dei elevane som har samisk som andrespråk.

Nordsamisk

Nordsamisk er det største samiske språket. Det vert snakka i Finnmark, i Troms og i enkelte kommunar i Nordland fylke. Sidan ein relativt stor del av befolkninga i dette området snakkar samisk, held språket seg levande også blant unge. Talet på elevar med samisk som første- eller andrespråk i grunnskulen har likevel gått noko tilbake dei siste ti åra.

Lulesamisk

Kjerneområdet for lulesamisk språk er Tysfjord kommune i Nordland, men det finst lulesamisktalande også i dei andre kommunane i Nord-Salten. Tysfjord inngår i det samiske forvaltingsområdet, og derfor er lulesamisk og norsk likestilte språk i kommunen. Lulesamisk liknar mykje på nordsamisk, men skil seg frå nabospråket på enkelte grammatiske område.

Sørsamisk

Det sørsamiske området strekkjer seg frå Saltfjellet i Nordland og sørover til Hedmark. Ein reknar med at det finst omtrent 2000 sørsamar, og omtrent halvparten av dei bur i Noreg. Det sørsamiske språket er inne i ein revitaliseringsprosess. Det vert til dømes gjort eit arbeid for å tilby digitale læremiddel i sørsamisk som førstespråk i vidaregåande opplæring på NDLA.

Umesamisk

Umesamisk vert rekna som heilt utdøydd i Noreg og som nesten utdøydd i Sverige.

Pitesamisk

Pitesamisk vert også rekna som heilt utdøydd i Noreg, og som nær utdøydd i Sverige. Det pitesamiske senteret Duoddara Raffe i Beiarn kommune arbeider for revitalisering av pitesamisk språk og kultur.

Skoltesamisk (austsamisk)

Skoltesamisk (austsamisk) vert i dag snakka berre av nokre få personar i Sør-Varanger kommune og i Nord-Finland.

Spørsmål og svar om samisk språk

I videoen nedanfor møter du elevar frå 3. klasse på Reindriftsskulen i Kautokeino på besøk hos 3. klasse på musikklinja til Foss skule i Oslo i 2012. Dei snakka blant anna saman om samisk språk:

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.