1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språkhistorie og språkpolitikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Språkhistorie og språkpolitikk

Språket er i stadig endring. Språkhistoria fortel oss korleis historiske hendingar, teknisk utvikling og politiske avgjerder har påverka språkutviklinga frå norrøn tid og fram til i dag.

Byste av mann på bord i utstillingslokale. Foto.
Byste av Ivar Aasen på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur.

Frå urnordisk til moderne norsk

Det norske språket høyrer til den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Men språket til de første menneska som slo seg ned her i landet etter siste istid, var nok ganske forskjellig frå det språket vi snakkar i dag.

Norsk har mykje felles med andre nordiske språk. Går vi tusen år tilbake i tid, var det størst likskap mellom norsk, færøysk og islandsk språk. I dag har norsk meir felles med dansk og svensk.

Kampen for eit norsk skriftspråk

I perioden 900–1000 e.Kr. blir Noreg samla til eitt rike. Felles lovverk, felles forsvar og ein ny felles religion, kristendommen, bind riket saman. Med kristendommen kjem det skrivekyndige folk til Noreg, og vi får etter kvart eit eige, norrønt skriftspråk.

Men dette skriftspråket går til grunne og blir erstatta av dansk i løpet av dei fire hundre åra Noreg er underlagt Danmark. Etter lausrivinga frå Danmark i 1814 kjem kravet om at den nye, norske nasjonen må ha eit norsk skriftspråk. Debatten går høgt om korleis eit slik språk skal utformast.

I dag er spørsmålet om vi skal bruke bokmål eller nynorsk skriftspråk framleis noko som engasjerer mange i Noreg.

Globalisering og anglifisering

I vår tid bidrar globaliseringa til at grensene mellom ulike språk og kulturar delvis blir viska ut, og at det oppstår nye språk- og kulturformer som tek opp i seg element frå fleire folkegrupper.

Engelsk er det dominerande språket i mellom anna underhaldnings- og dataindustri. Som ein konsekvens av denne situasjonen blir mange språk anglifiserte, det vil seie at dei tek opp i seg mange engelske ord og uttrykk. Det gjeld også for det norske språket.

Læringsressursar

Språkhistorie og språkpolitikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Om vort Skriftsprog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.