Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Munnleg tekstskapingChevronRight
  4. Presentasjonar og foredragChevronRight
  5. Minipresentasjonar og -foredragChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Minipresentasjonar og -foredrag

Nærbilde av ulv. Foto.
Kva gjer dei som tutar med dei ulvane dei er i lag med?

Oppgåve 1

Ordtak eller ordspråk er faste vendingar som uttrykkjer ei allmenn erfaring eller ein leveregel. Vel deg eitt av ordtaka nedanfor, og forklar for klassen kva for erfaring eller leveregel ordtaket seier noko om.

Presentasjonen din skal vere på maksimalt eitt minutt. Han skal ha både innleiing, hovuddel og avslutning. Du skal ta med minst eitt konkret eksempel som belyser ordtaket. Dessutan skal du bruke ein mini-PowerPoint med sjølve ordtaket og med eitt eller fleire passande bilete eller illustrasjonar. Utover dette skal du ikkje bruke nokon hjelpemiddel, men snakke fritt.

  1. Tale er sølv, tausheit er gull.
  2. Du skal ikkje skode hunden på håra.
  3. Kjært barn har mange namn.
  4. Éin fugl i handa er betre enn ti på taket.
  5. Gå ikkje over bekken etter vatn.
  6. Brent barn skyr elden.
  7. Like barn leiker best.
  8. Det går den vegen høna sparkar.
  9. Alder hjelper ikkje mot dumskap.
  10. Det er ikkje gull alt som glimer.
  11. Han som ler sist, ler best.
  12. Som ein roper i skogen, får ein svar.
  13. Ein må smi medan jarnet er varmt.
  14. Ein må lære å krype før ein kan gå.
  15. Ein får tute med dei ulvane ein er i lag med.

Oppgåve 2

Vel eitt av forslaga nedanfor og hald eit miniforedrag på eitt til to minutt om emnet. Du kan bruke eit stikkordmanus med inntil 50 ord, men ingen andre hjelpemiddel.

  • mauren
  • katten
  • tannlegen
  • mobiltelefonen
  • fjernkontrollen
  • paraplyen
  • pc-en
  • skoa
  • materialismen
  • gleda
  • latteren

Oppgåve 3

Hald ein minipresentasjon om «den gylne handa». Du kan bruke ein illustrasjon som hjelpemiddel, men skal elles snakke fritt.

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter