Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Munnleg tekstskapingChevronRight
  4. Presentasjonar og foredragChevronRight
  5. UttaleøvingarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Uttaleøvingar

Øv deg på tydeleg artikulasjon og på å puste med magen.

Mange bokstaver strømmer ut av munnen til ung kvinne- Manipulert fotografi.

Oppgåve 1

Pust på rette måten.

Når du skal framføre noko munnleg, er det viktig at du hugsar på å puste med magen, det vil seie at du kjenner at magen og ribbeina utvidar seg når du pustar inn. Riktig pust hjelper deg å roe nervane, og gir støtte til stemma di slik at ho ber.

Øving 1

Bli medviten ulike måtar å bruke pusten på. Pes som ei bikkje, og ta så nokre djupe magedrag. Repeter dette nokre gonger.

Øving 2

Les tekstutdraget nedanfor. Kor synest du det passar å ta ein djup pust, og kor er det betre med ein rask og lett pust?

Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon.

Fattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt.

Frå diktet "Fattern elska rødvin" av Arild Nyquist

Oppgåve 2

Sit i ein ring. Førstemann seier eit ord på "ghibberish" (eit tullespråk). Alle i ringen hermar. Pass på å artikulere ordet tydeleg og med same rytme. Nestemann finn på eit nytt ord, ny herming, og slik held de på til alle har sagt noko på ghibberish.


Oppgåve 3

Øv på å lese setningane og orda nedanfor med tydeleg artikulasjon av vokalane:

  1. Lene skulle vere vertinne, og fekk æra av å dele steika.
  2. Ytringsfridommen er sikra i § 100 i Grunnlova, og ytterlegare teken inn i den internasjonale erklæringa om menneskerettane.
  3. apeunge, sideelv, bronsealder, fugleelskar, treåring, vossaøl


Oppgåve 4

Tydelege konsonantar

Øv på å lese setningane nedanfor med tydeleg artikulasjon av konsonantene:

  1. Fartein Valen førte til endes fire symfoniar, og fekk fleire verdifulle verk oppført ved festivalar rundt om i verda.
  2. Tante Tordis tålte lite trikkedur, og tetta dei doble dørene mot Drammensvegen med dundyner.
  3. Kronprinsen kjem kanskje til konferansen på Kongsberg.
  4. Sjømenn på skipsfart i Kina forsømde sjeldan sjansen til å kjøpe skjønne silkesjal til kjærestar i sørlandske sjøbyar.
  5. Johan jakta på jerven som hadde gøymt seg i juvet.
  6. På pakkbua bak papirbunkane blei plastbytter i passande porsjonar bunta og bringa til butikken i byen.

Oppgåve 5

Repetér frasen nedanfor fem gonger etter kvarandre utan pause. Det vil seie at du må snakke på både inn- og utpust. Deretter seier du frasen éin gong, tek eit djupt andedrag og gjentek det heile:

Ibsens ripsbusker og andre buskvekster

Oppgåve 6

Øv på å lese desse orda med tydeleg uttale:

  1. høgsterettsjustitiarius
  2. fustasjeopphengsforkoplingar
  3. Det kongelege norske justisdepartement
  4. bilforsikringssvindel
  5. statsbudsjett

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter