Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Munnleg tekstskapingChevronRight
  4. Presentasjonar og foredragChevronRight
  5. DisposisjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Disposisjon

Å lage ein disposisjon er å skrive ned stikkord til kva du skal seie, i den rekkjefølgja du har tenkt å seie det.

Oversikt over innhaldet

Å lage ein disposisjon tyder å skrive ned stikkord til kva du skal seie, og i kva for rekkjefølgje. Lag alltid ein skikkeleg og detaljert disposisjon, for det gjer det lettare for deg å hugse kva du skal seie.

Uansett kva for emne du har valt, skal presentasjonen ha tre delar: innleiing, hovuddel og avslutning. Når du lagar disposisjonen din, må du ha med alle tre delane.

Innleiing

Målet med innleiinga er i første omgang å skape kontakt med tilhøyrarane. Dessutan skal innleiinga gjere publikum nysgjerrige på det du har å seie. Begynn til dømes med eit provoserande spørsmål, ei morosam historie eller eit konkret døme. Då blir tilhøyrarane engasjerte med ein gong.

Du bør også førebu publikum på det som kjem, og presentere emnet du skal snakke om. Dersom du skal gi ein meir omfattande presentasjon, bør du også nemne hovudpunkta du skal ta opp. Har du valt ei spesiell vinkling på emnet, grunngir du valet.

Hovuddel

Her går du meir utførleg inn på kvart enkelt punkt. Du kan ordne punkta på ulike måtar, til dømes etter kor viktige dei er. Skal du beskrive ei hending eller ein arbeidsprosess, er kronologisk rekkjefølgje (tidsrekkjefølgje) naturleg. Da beskriv du hendinga eller arbeidet steg for steg.

Nokre råd

Tilhøyrarane dine forstår og hugsar betre dersom du bruker døme. Det er også bra om du samanliknar det nye du presenterer, med noko du veit tilhøyrarane kjenner til frå før. På den måten gir du publikum "knaggar" som dei kan hengje den nye kunnskapen på.

Ver dessutan klar over at folk uansett veldig fort gløymer det du har sagt. Ha derfor ikkje med for mange punkt, utdjup heller dei punkta du har med, og gjenta viktige poeng to-tre gonger.

Avslutning

Avslutninga skal ikkje ha nye moment. Derimot er det lurt å oppsummere det du har sagt. Du kan òg trekkje slutningar, markere eigne standpunkt eller komme med ei oppmoding – alt etter kva formålet med presentasjonen er.

«Den gylne handa»

Eit enkelt grep for alle som skal halde ein kort tale eller eit innlegg for ei større forsamling, er oppsummert i "den gylne handa".

Grepet blei først brukt av dei gamle greske og romerske retorane (talarane), men det er like nyttig i dag.

"Den gylne handa" vil seie at du skal ha like mange moment i innlegget ditt som det er fingrar på éi hand. Då disponerer du innhaldet slik:

  • innleiing
    (eitt moment)
  • hovuddel
    (tre moment)
  • avslutning
    (eitt moment)

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter